Terre Adélie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med utsnitt som viser området

Adélie Land (fransk Terre Adélie) er eit område i Antarktis som Frankrike gjer krav på. Det strekkjer seg frå kysten av Sørishavet og heilt til Sørpolen. Området er eit av fem distrikt i Dei franske sørterritoria, sjølv om dei fleste land i verda ikkje har anerkjent dette kravet.

«Astrolabe» kjem til Dumont d'Urville-stasjonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Adelie Land ligg mellom 136° E (nær Pourquoi Pas Point ved 66°12′S 136°11′E) og 142° E (nær Point Alden ved 66°48′S 142°02′E), med ei kystlengd på 350 km og ein sirkelsektor som strekkjer seg kring 2600 km innover på kontinentet mot Sørpolen. Adelie Land grensar til Australsk Antarktis både i aust og i vest, nemleg Clarie Land (ein del av Wilkes Land) i vest og George V Land i aust. Totalt dekkjer området 432 000 kvadratkilometer og det meste er dekt av isbrear.

Innlandet er særs vêrhardt med middeltemperaturar om sommaren (desember-februar) mellom -25 °C og -35 °C og mellom -60°C ig -70°C om vinteren. Tilhøva er mildare ved kysten.[1]

«Reconnaissance de la Terre Adélie, le 20 janvier 1840» frå Atlas pittoresque (1846) av Jules Dumont d'Urville.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Adelie Land vart oppdaga i 1840 av den franske polfararen Jules Dumont d'Urville (1790–1842) som kalla det opp etter kona si, Adelie.[2] Dette er grunnlaget for det franske kravet på denne delen av Antarktis. Utanom dette hadde staden særs lite menneskeleg aktivitet.

Adeliepingvinar ved Dumont d'Urville-stasjonen.

Natur[endre | endre wikiteksten]

I havet rundt Terre Adélie lever store mengder antarktisk kril som er livsgrunnlag for ei rekkje andre artar. Det finst fleire pingvinar, stomfuglar, stormsvaler og joar her, mellom anna koloniar av adeliepingvin (Pygoscelis adeliae), keisarpingvin (Aptenodytes forsteri) og sørkjempepetrell (Macronectes giganteus). Sjøpattedyr som krabbeetarsel (Lobodon carcinophaga), leopardsel (Hydrurga leptonyx) og weddellsel (Leptonychotes weddellii) held til i havområda.[3]

Forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 12. januar 1956 har det vore ein fransk forskingsstasjon, som er bemanna året rundt, ved 66°40′S 140°01′E. Stasjonen heiter Dumont d'Urville-stasjonen og har kring 33 innbyggjarar om vinteren og opp mot 78 om sommaren. Den første franske stasjonen, Port Martin, vart bygt 9. april 1950 ved 66°49′04″S 141°23′39″E, men vart øydelagd av ein brann natt til 23. januar 1952. Port Martin hadde vinteren 1950-1951 ei bemanning på 11 personar og 17 vinteren 1951-1952.[4]

Frankrike hadde òg ein innlandsstasjon inne på isen, kring 320 km frå kysten og Dumont d'Urville-stasjonen i ei høgd på 2400 meter over havet (69°22′S 139°01′E). Denne heitte Charcot-stasjonen (kalla opp etter Jean-Baptiste Charcot) og vart bygt for Det internasjonale geofysiske året 1957-58. Tre menn budde her frå januar 1957 til 1960.

Mykje vitskapleg arbeid er gjort på Adélie Land av franske forskarar, og ved fransk samarbeid med andre land, særleg med Russland og USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «La Terre Adélie» ved terreadelie.sblanc.com
  2. Dunmore, John (2007). From Venus to Antarktis: The Life of Dumont D'Urville. Auckland: Exisle Publ.. s. 209. ISBN 9780908988716. 
  3. «La faune de Terre Adélie» ved terreadelie.sblanc.com
  4. «Fire destroys station i Antartica, French expedition's loss», The Times, 26. januar 1952 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Terre Adélie

Koordinatar: 75°00′S 139°00′E

Mal:Franske oversjøiske departement og territorium