Terrengdekkande myr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teppemyr på YellShetlandsøyane, med noko torvuttaking.

Terrengdekkande myr eller teppemyr er eit myrområde som dannar eit samanhengande dekke i terrenget, både over høgdedrag, flatar og skråningar.[1][2] Dei vert danna i fuktig klima.

Det finst teppemyrer fleire stader på den nordlege halvkula, med veldokumenterte døme i Irland og Storbritannia. Store delar av tundraen i Russland og Nord-Amerika kvalifiserer også som teppemyr. I Noreg finst dei i kyst- og fjordstrøk frå Agder til Troms. Attverande teppemyrer blir rekna som ei sterkt truga landskapsform i Noreg.

den sørlege halvkula er teppemyrer mindre utvikla ettersom store delar av landmassen her ligg på låge breiddergarder. Miljøtypen er likevel rapportert frå Patagonia,[3] Falklandsøyane og New Zealand. På den subantarktiske Macquarieøya finst det teppemyrer kalla «dundyner» (featherbeds) på heva landområde som kan vera opptil 5 m djupe. Dei skjelv når ein går på dei, og kan vera farlege å kryssa.[4]

Teppemyrer og menneske[endre | endre wikiteksten]

I nokre delar av Europa har ein kopla utbreiinga av teppemyrer med avskoging utført av førhistoriske kulturar.[5]

Torv frå myrer har fleire stader vore brukt som brensle og til andre føremål. Store uttak av torv kan truga teppemyrene, og fleire av dei er no verna. Sliabh Beagh og Bellacorick på Irland og Airds Moss i Skottland er døme på verna teppemyrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gorham, E. (1957). The development of peatlands. Quarterly Review of Biology, 32, 145–66.
  2. Keddy, P.A. (2010). Wetland Ecology: Principles and Conservation (2nd edition). Cambridge University Press, Cambridge, UK.
  3. Arroyo, M.T.K., P. Mihoc, P. Pliscoff and M. Arroyo-Kalin. (2005). The Magellanic moorland. P. 424-445 in L.H. Fraser and P.A. Keddy (eds.). The World’s Largest Wetlands: Ecology and Conservation. Cambridge University Press, Cambridge, UK.
  4. Hince, Bernadette (2000). The Antarctic Dictionary: A Complete Guide to Antarctic English. Melbourne: CSIRO Publishing. s. 126. ISBN 0643102329. 
  5. Moore, P. D. (1973). The influence of prehistoric cultures upon the initiation and spread of blanket bog in upland Wales. Nature, 241, 350–353.