Terroråtaka 22. juli 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røyk frå bombeåtaket i regjeringskvartalet.
Vindauge i Møllergata knuste av trykkbylgja frå bilbomba
Minnemarkering med blomar framfor domkyrkja i Oslo dagen etter terrorhandlingane.

Terroråtaka 22. juli 2011 byrja med ei bilbombe som gjekk av i Regjeringskvartalet i Oslo klokka 15:26. Bomba var plassert i ein varebil parkert i Grubbegata og gjorde stor skade på mange regjeringsbygningar i kvartalet i tillegg til å drepe åtte personar. Trykkbylgja frå bomba knuste dessutan vindauge i fleire bygningar i gatene rundt. Eit nytt åtak fann stad om lag to timar seinare på Utøya i Tyrifjorden, der ein mann skaut med to skytevåpen (pistol og gevær) på deltakarane på ungdomsorganisasjonen AUF sin sommarleir. Der vart 69 personar drepne, dei fleste ungdomar, mange med fleire skot. Dessutan vart mange skadde, fleire av dei alvorleg.[1]

Ein 32 år gamal norsk mann, Anders Behring Breivik, vart arrestert på Utøya under politiaksjonen som var sett i gang, og seinare sikta for terroråtaka både på Utøya og i Oslo.[2] 23. juli 2011, rett etter klokka 23, kunne forsvararen til Breivik, advokat Geir Lippestad, opplyse at Breivik hadde vedgått å ha gjort åtaka på både Utøya og i Oslo, men at han nekta for å vere straffeskuldig for dette.[3] Breivik, som sa at han rekna seg som ein konservativ, truande kristen, meinte at han ikkje kunne straffast av di åtaka var naudsynte for å stogga det han rekna som ein reell fare for «muslimsk maktovertaking» i Noreg og Europa. Difor måtta han på denne måten ramme den «kulturmarxismen» som han meinte at særleg Arbeidarpartiet, men òg andre politiske parti, stod for i sin politikk andsynes innvandrarar.

Reaksjonane mot dei to terroråtaka var sterke. Statsleiarar frå alle verdsdelar sende kondolansetelegram til statsminister Jens Stoltenberg. Alle politiske parti fordømte ugjerningane, og det vart semje om å utsetje og endre valkampen for årets lokalval. Kongehuset, statsminsteren og fleire statsrådar tok del i ein rad minnemarkeringar i kyrkjer og moskear. Ei mengd privatpersonar tok initiativ til folkelege markeringar over heile Noreg, og slike markeringar gjekk føre seg over heile landet måndag 25. juli. Folk gjekk i tog med faklar eller med roser for å minnast dei drepne, og for å markere at dei ville verne om eit fritt og fleirkulturelt samfunn prega av solidaritet og samhald. I Oslo samla denne markeringa så mange menneske, om lag 200 000, at politiet meinte det ikkje var forsvarleg å setja ei slik menneskemengd i rørsle. Difor vart toget avlyst og markeringa avslutta med det planlagte arrangementet på Rådhusplassen.

Straffesaka mot Anders Behring Breivik for desse to åtaka tok til i Oslo tingrett 16. april 2012. Under hovudførehavinga i tingretten vedgjekk Brevik på nytt at han hadde gjort dei ugjerningane han var tiltalt for, men nekta framleis straffeskuld. Mykje vart gjort i samband med saka for å få fram dei fakta som var naudsynte for å avgjere om Brevik var strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje, og ei rad med sakkunnige og andre vitne stod fram i retten for å kaste ljos over dette. Tingretten, som sa dom fredag 24. august 2012, kjende Breivik straffeskuldig og dømde han til forvaring i 21 år, med ei minstetid på 10 år. Korkje Breivik eller påtalemakta anka denne domen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Terroråtaka 22. juli 2011
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Terroråtaka 22. juli 2011