Terry Pratchett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terry Pratchett

Terry Pratchett i 2012
Pseudonym Pterry
Nasjonalitet Britisk
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. april 1948
Beaconsfield, Buckinghamshire, England
Død

12. mars 2015 (66 år)
Broad Chalke

Yrke Forfattar, journalist
Språk engelsk
Sjanger Fantasy, komedie
Religion ateisme
Ektefelle Lyn Purves
Born Rhianna Pratchett
Terry Pratchett på Commons

Terence David John Pratchett, (fødd 28. april 1948 i Beaconsfield i Buckinghamshire i England, død 12. mars 2015) best kjend under forfattarnamnet Terry Pratchett eller Pterry, var ein engelsk fantasy- og science fiction-forfattar. Han var best kjend for Discworld-serien (Skiveverdenen på bokmål). I tillegg til denne har han skrive ei rekkje fantasy-bøker for born. Pratchett skreiv over 70 bøker i løpet av karrieren sin.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Terry Pratchett publiserte sitt første verk som trettenåring i 1961, då novella «The Hades Business» vart prenta i skuleavisa på skulen hans. Seinare vart novella prenta om att i Science Fantasy Magazine i 1963, og det fekk han 14 pund for. Den neste teksten han fekk prenta var «Night Dweller» i New Worlds Magazine (nummer 156) i november 1965.

Etter at Pratchett slutta på skulen i 1965 fekk han seg jobb som lokal journalist for the Bucks Free Press. Om det har han seinare sagt at «eg byrja å arbeide om morgonen og såg den første brødteksten min tre timar seinare; «bratt lærekurve» tydde noko den gongen.» Etter det gjekk han vidare til ei rekke regionale aviser i Sørvest-England.

Medan han arbeidde som journalist, vart han tilfeldigvis send for å intervjue ein mann som heitte Peter Bander van Duren. Van Duren sat i leiinga i det vesle forlaget Colin Smythe Ltd og skulle intervjuast om ei bok selskapet nyleg hadde sloppe på marknaden. Pratchett nemnde at han hadde skrive ein roman, The Carpet People. I 1971 trykte forlaget boka hans.

I 1980 fekk Pratchett stillinga som presseansvarleg for straumselskapet CEGB i eit område dekt av atomkraftverk. I ettertid har han kommentert at han hadde enormt god timing, reint karrieremessig, når han skaffa seg ein slik jobb like etter den store atomkraftverk-ulukka på Three Mile Island i USA.

Då han såg at han tente nok pengar til å leve av å skrive bøker, sa han opp jobben i CEGB i 1987. Frå då av produserte han so mykje som to romanar årleg. Statistikk har vist at eitt prosent av alle skjønnlitterære bøker selde i Storbritannia var skrivne av Pratchett. Dette var før den enorme suksessen til J.K. Rowling med Harry Potter.

I 1998 vart Pratchett tildelt ordenen Officer of the Order of the British Empire (OBE, Offiser av den britiske imperieordenen) for sine tenester innan litteratur. «Eg mistenkjer at mine «tenester innan litteraturen» må vere å prøve å la vere å skrive litteratur», var den lett sarkastiske kommentaren hans etter utdelinga. Fleire universitet har utnemnt han til æresdoktor i litteratur.

Pratchett har ei dotter, Rhianna Pratchett (fødd 1976), som òg er fantasyforfattar og journalist.

I 2007 fekk Terry Pratchett diagnosen Alzheimers sjukdom. Då han fekk sjukdommen, vart han uroleg for at han ikkje skulle rekkje å gje ut den siste boka i Discworld-serien. Boka kom likevel ut i 2013. Han døydde heime med familien rundt seg nesten to år seinare.[1]

Discworld[endre | endre wikiteksten]

Discworld-serien er eit humoristisk fantasyverk på til saman 40 bøker som parodierer alt mellom himmel og jord i den verkelege verda. Den fyrste boka, «The Colour of Magic», kom ut i 1983, og den siste, «Raising Steam», i 2013.[1]

The Discworld er ein pizzaforma planet som vert balansert på ryggen av fire enorme elefantar, som igjen traskar rundt og rundt på ryggen på den enorme skilpadda A'Tuin, som sym gjennom universet.

Gjennom Discworld-serien har Pratchett parodiert ei enorm vidd av tema; t.d. scifi- og fantasyfigurar, filmar av Ingmar Bergman, Australia, filmskaping, rock, religion (i massevis), filosofi, monarki, og så bortetter i det uendelege. Stilen er særs sarkastisk og munnrapp.

Saman med Ian Stewart og Jack Cohen har Pratchett òg skrive bøker om oppbygginga av verda i Discworld-serien.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nordbø, Nina (12.03.2015). «Terry Pratchett er død». Nrk.no. Henta 16.03.2015.