Tersamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tersamisk
Klassifisering: uralske språk
 finsk-ugriske språk
  samiske språk
   austsamiske språk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Murmansk oblast i Russland
Tersamisktalande i alt: 6 (også rapportert utdøydd)
Skriftsystem: Ikkje skriftspråk
Språkkodar
ISO 639-3: sjt

Tersamisk er eit samisk språk som blir, eller vart, snakka på Kolahalvøya i dei austlege delane av Murmansk oblast i Russland. Det er rekna som eit døyande språk med berre to eldre talarar (2010). Tersamisk høyrer til dei austsamiske språka, og dei næraste slektningane er enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk og akkalasamisk.

Den eldste kjende dokumentasjonen av samiske språk er ei tersamisk ordliste frå 1557, skriven ned av den britiske oppdagaren Steven Borough i 1557 og gjeven ut av Richard Hakluyt.[1] Språket er blitt noko studert gjennom lydopptak, nedskrifter og tospråklege ordbøker, men det er ikkje utvikla noko standardisert skriftspråk eller nokon grammatikk.[2]

Status[endre | endre wikiteksten]

Tersamisk har vore eit språk i nedgang dei siste tiåra, då dei fleste tersamane har gått over til russisk. Tidleg på 1990-talet hadde språket seks eldre talarar, på 2000-talet var det berre to att.[3]

Nedgangen til tersamisk blei framskunda av sovjetisk kollektivisering og språkpolitikk der tersamisk blei forbode å nytta i heimar og skular på 1930-talet. Innbyggjarane i den største av dei seks landsbyane der ein tala språket, Jokanga, blei flytta til den lukka byen Gremikha (no Ostrovnoj). [3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aikio Samuli: "Olbmot ovdal min - Sámiid historjá 1700-logu rádjái". Girjegiisá: Kárášjohka, 1992. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Itkonen T. I.: "Koltan- ja kuolanlapin sanakirja", Helsinki: Société Finno-Ougrienne, 1958; Itkonen T. I.: "Koltan- ja kuolanlappalaisia satuja", 1931.Memoires de la Société Finno-Ougrienne 60. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  3. 3,0 3,1 Tiuraniemi Olli: "Anatoli Zaharov on maapallon ainoa turjansaamea puhuva mies", Kide 6 / 2004. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.


Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.