Terschelling

Koordinatar: 53°24′N 4°19′E / 53.400°N 4.317°E / 53.400; 4.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terschelling
Satellittbilete av Terschelling
Satellittbilete av Terschelling
Satellittbilete av Terschelling
Plassering
Plassering av Terschelling
Plassering av Terschelling
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Friesland
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

674,00 km²
  88,10 km²
  585,90 km²
InnbyggjararStatline
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

4 702
  53/km²
Koordinatar 53°24′N 4°19′E / 53.400°N 4.317°E / 53.400; 4.317
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.terschelling.nl

Terschelling (frisisk Skylge) er ein kommune og ei øy nord i Nederland og er ei av Dei vestfrisiske øyane.

Øybuarane i Vadehavet er kjend som særs resursfulle og nyttar alt som driv i land på øyane. Det er få tre på øya som kan nyttast til tømmer, så dei fleste gardane og låvane er bygd med master som er berga frå skipsvrak. Øya er omringa av kjende skipsvrak og sjølv i dag driv mange containerar i lang som har blest av dekk på lasteskip i Nordsjøen. Det meste kjende skipsvraket ved Terschelling er kanskje «Lutine». Bjølla frå dette skipet heng i dag i Lloyd's of London. Eit anna kjend skip er «Oka 18», som sokk nær byen Formerum. Fram til nyleg har skorsteinen på skipet stikke opp av sjøen.

Hovudnæringa til Terschelling er turisme. Det er noko jordbruk, men store delar av øya har vorte eit naturreservat.

Terschelling har ferjesamband frå Harlingen på fastlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya slik ho er i dag vart forma i mellomalderen frå eit sandområde kalla De Schelling i vest og den opphavlege øya Wexalia i aust. Namnet Wexalia, Wuxalia eller Wecsile er mellomaldernamnet på den austlege delen av Terschelling. Dette namnet forsvann derimot på slutten av mellomalderen.

Dei eldste spora etter menneske på Terschelling er frå rundt 850, då ei lita trekyrkje vart bygd på ein ås nær Seerijp eller Striep. Åsen vart seinare nytta som gravplass og vert i dag kalla Strieperkerkhof.

Tidlegare var det ei viss spenning mellom innbyggjarane vest på øya, som hovudsakleg var sjømenn, og innbyggjarane aust på øya, som hovudsakleg var bønder. I 1612 førte dette til at øya vart delt i to sjølvstendige politiske einingar, Vest-Terschelling og Aust-Terschelling. Først etter den franske okkupasjon på byrjinga av 1800-talet vart Terschelling samla igjen.

I 1666 vart Vest-Terschelling plyndra av engelskmennene. Den engelske flåten planla opphavleg å gå til åtak på den nederlandske handelsflåten som låg til kai ved kysten av Vlieland, som er naboøya i vest. Då dei nederlandske fartøya trekte seg tilbake mot Terschelling følgde engelskmennene etter og øydela 150 nederlandske skip og gjekk i land i hamna på Vest-Terschelling. Byen vart brend ned, ei hending som fekk namnet Holmes-bålet etter den engelske admiralen Holmes. Året etter, i 1667, utførte nederlendingane under De Ruyter sin kommando ein hemnaksjon og påførte den engelske marinen eit kraftig slag under raidet på Medway (òg kalla slaget ved Chatham), som enda den andre engelsk-nederlandske krigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]