Tertiærtida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tertiærtida eller berre tertiær har vore ei nemning på den geologiske perioden mellom krit- og kvartærtida.

I 2004 avgjorde Den internasjonale kommisjonen for stratigrafi at inndelinga av kenozoikum i tertiærtida og kvartærtida skulle erstattast med ei inndeling i paleogen og neogen.

Av geologiske epokar som utgjorde tertiærtida, finn ein no paleocen, eocen og oligocen i paleogen, medan miocen og pliocen (i tillegg til epokane i kvartærtida) vart slegne saman til neogen.

Bergartar som er lagt ned i tertiær vert kalla tertiærsystemet.