Teruel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teruel
La Escalinata (Teruel).jpg
Flagget til Teruel Byvåpenet til Teruel
Flagget til Teruel Byvåpenet til Teruel


Plassering
Teruel is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Aragón
Provins Teruel
Grunnlagd 1171
Borgarmeister Miguel Ferrer
Geografi
Flatevidd
 - By

440,41 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

35 037
  79,6 /km²
Koordinatar 40°20′″N 1°6′″WKoordinatar: 40°20′″N 1°6′″W
Høgd over havet 915 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 44001 - 44003
Nettstad: www.teruel.es

Teruel er ein by i Aragón, aust i Spania og provinshovudstad i provinsen Teruel. Han har kring 35 000 innbyggjarar og er den minste av provinshovudstadane i landet. Han er kjend for det harde klimaet (varme somrar, særs kalde vintrar), jamón serrano (spekeskinke), keramikk, dei omliggande arkeologiske funna med nokre av dei eldste dinosaurfossilaDen iberiske halvøya og for nokre av festivalane. Teurel vert rekna som «mudéjarbyen» fordi mange av byggverka i byen er forma i denne stilen. Alle er ein del av Mudéjar-arkitekturen i Aragón som er ein verdsarvstad på lista til UNESCO.

Teruel ligg oppe i fjella, om lag 915 meter over havet og ligg relativt isolert til. I 1999 vart kampanjen Teruel existe(«Teruel finst») skipa for å gjere folk merksame på byen. Delvis på grunn av denne kampanjen vhar vegane til byen vorte kraftig utbetra med motorveg mellom Zaragoza og Sagunto. Teruel er likevel den einaste provinshovudstaden i Spania som ikkje har direkte jernbanesamband med hovudstaden Madrid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teruel vart grunnlagd i 1176 av Sancho Sánchez Muñoz og Blasco Garcés Marcilla. I mellomalderen hadde Teruel eit stort jødisk samfunn, som stod sterkt då dei muslimske arabarane regjerte over området. Seinare, då dei kristne kongane tok tilbake Spania, betalte jødane årleg 300 sueldos i skatt. Under forfølgjingane i 1391 vart mange av dei drepne, medan andre konverterte til kristendom for å redde liva sine.[1]

Teurel var åstad for kamphandlingar under den spanske borgarkrigen og vart kraftig øydelagd. Slaget ved Teruel i desember 1937 og februar 1938, eit av dei blodigaste under krigen. Byen skifta hender fleire gonger og fall først til republikanarane, før han vart gjenerobra av nasjonalistane. Teruel vart råka av kraftige bombeåtak frå både artilleri og luftåtak. Dei to sidene tapte til saman kring 100 000 mann i løpet av dei tre månadane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Teruel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.jewishencyclopedia.com/view.jsp?artid=160&letter=T&search=teruel

Koordinatar: 40°21′N 1°06′W