Teslastraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Teslastraum er høgfrekvent elektrisk straum som første gong vart observert av Nikola Tesla ved utlading av ein kondensator gjennom ein open spole med nokre få vindingar. Spolen virkte som primærkrins i ein transformator utan jarn, der sekundærkrinsen, som skapar teslastraumen, var ein lang spole med nokre hundre vindingar, ein teslatransformator. På grunn av den høge frekvensen oppstår ingen påviseleg elektrolyse om ein lèt teslastraum gå gjennom kroppen. Han blir difor ikkje følt ubehageleg, men utøver ein varmeverknad på grunn av resistansen. Romma omkring sekundærledninga til teslatransformatoren har eit så sterkt elektrisk felt at røyr med gass under lågt trykk lyser når dei ført inn der, kalla teslalys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]