Tespa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tespa er eit vassdrag i Rana kommune. Dei øvre delane av elva ligg i Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Tespa møter Stormdalsåga nedst i Tespdalen ved Bredek før ho munnar ut i Ranelva ved Storvoll. Telegraflina mellom Rana og Saltdalen gjekk i si tid opp Tespdalen, over Lappflyttarskardet og vidare opp Bjøllådalen. Ved Gila, eit stykke nedom Tespvatnet, finn ein tuftane etter ei fjellstue.