Tetovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tetovo
Styresmakter
Land
Kommune
Republikken Makedonia
Tetovo kommune
Geografi
Flatevidd
 - By

1 068 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

72 944
  68/km²
Koordinatar 42°00′″N 20°58′″EKoordinatar: 42°00′″N 20°58′″E
Høgd over havet 468 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 1200
Telefon-retningsnummer +389 044
Bilnummer TE
Heimeside: tetovo.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Tetovoi Repulikken Makedonia
Plasseringa til Tetovoi Repulikken Makedonia

Tetovo (makedonsk Тетово; tyrkisk Kalkandelen; albansk Tetovë) er ein by i Republikken Makedonia ved foten av Šar planina og som er delt i to av elva Pena.

Byen ligg 468 meter over havet og har om lag 70 000 innbyggjarar. Det ligg to universitet i byen, Statsuniversitetet Tetovo og det internasjonale Sørausteuropeiske universitetet.

Tetovo tyder «Teto sin stad» og myta skal ha det til at byen vart kalla opp etter den legendariske helten Teto, som visstnok rydda byen for slangar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det har vore innbyggjarar i området sidan bronsealderen, men sjølve Tetovo vart offisielt grunnlagd på 1300-talet som ein liten ortodoks busetnad rundt kyrkja Sveta Bogorodica. På slutten av 1300-talet kom byen inn under Det osmanske riket og det vart bygd moskéar, bad og marknader alt på byrjinga av 1400-talet. Tetovo vart eit viktig handelssenter for dei lokale bøndene og handverkarane og ein viktig militærfestning. Tyrkarane kalla byen Kalkandelen.

I 1912 under den første balkankrigen kom Tetovo inn under Serbia. Under den andre verdskrigen vart byen styrt av Italia og regimet deira i Albania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]