Tetra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kardinaltetra er ein populær tetraart.

Tetra er eit populærnamn som vert nytta om små stimfisk i ordenen Characiformes. Dei skil seg frå andre fisk m.a. ved å ha feittfinne (noko berre få andre fisk har, m.a. lakse- og mallefisk).

Eigentleg er ikkje ordet tetra nokon vitskapleg term. I akvaristikken er mange tetra-artar populære (særleg neontetra, kardinaltetra, kongotetra m.m), noko som har gjort at mange ulike fisk ber namnet utan naudvendigvis å vera nærskylde kvarandre. Dei eigentlege tetraane høyrer til den Sør-Amerikanske familien Characidae, karpelaks. Familien Alestiidae, som tidlegare vart rekna som ein underfamilie av karpelaksane, har òg ei rekkje artar som vert omtalt som tetra; desse levar likevel i Afrika.