Tetrapodar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tetrapodar


Alpesalamander (Salamandra atra) er ein tetrapod.
Alpesalamander (Salamandra atra) er ein tetrapod.

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klassar
Vitskapleg namn
Tetrapoda
Broili, 1913

Tetrapodar, firfotingar eller firbeinte virveldyr er ei gruppe virveldyr som stammar frå dei første firlemma virveldyra som byrja gå opp på landjorda. Gruppa omfattar klassane amfibium, fuglar, reptilar og pattedyr.

Det vitskaplege namnet Tetrapoda kjem av gresk τετραποδη og er sett saman av tetra, 'fire' og podes, 'føter'.

I nolevande tetrapodar er det framleis vanleg å ha fire lemmar, men dei kan vera omdanna til til dømes armar eller venger. Nokre dyr har også mista nokre eller alle lemmene att, som kvalar, delfinar, sirenedyr, ormepadder og slangar. Tetrapodar pustar med lunger som vaksne, men amfibia pustar med gjeller når dei er heilt unge (sjå rumpetroll).

Tetrapodar utvikla seg frå kjøtfinnefiskar for rundt 395 millionar år sidan, under devontida.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clack, J.A. (2002). Gaining ground: the origin and evolution of tetrapods. Bloomington, Indiana, USA.: Indiana University Press.  (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)