Tett harmoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på tett harmoni med ein C-durakkord.
Open harmoni, der notane spreier seg meir enn i tett harmoni.

Tett harmoni viser til harmonisering der ein følgjer leiet til ein akkordnotane frå akkorden ligg så tett at det ikkje er plass til fleire notar frå han mellom dei.

Denne harmoniforma er mellom anna vanleg i barbershop og annan a cappella-musikk. Ein finn tette harmoniar i vokalarrangement til pop- og rockegrupper som Beach Boys, Bee Gees, Andrews Sisters og Queen.

Tett harmoni blir også brukt i instrumentalmusikk, til dømes i jazz, der «Moonlight Serenade» av Glenn Miller er eit velkjent døme. I denne songen nytta han ei rekkje treblåseinstrument med enkelt røyrblad til å harmonisera innanfor ein enkelt oktav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]