Tettegras
| Tettegras | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Familie: | Blærerotfamilien Lamiales | |
| Slekt: | Pinguicula | |
| Art: | P. vulgaris | |
| Vitskapleg namn | ||
| '' Pinguicula vulgaris'' | ||
Tettegras (Pinguicula vulgaris) er ein 10 cm høg plante med lysgrøne blad i rosett og eit bladlaus, kjertelhåra blomsterskaft med ein 2 cm lang mørkblå blomster.
Bladoverflata er innsmurt med slim som inneheld enzym slik at plantene kan fordøye insekt som set seg fast i slimet. Planten kan så nyttiggjere seg næringsemne frå dei rotnande insekta.
Vanleg tettegras veks på fuktige stader over heile Noreg, opp til 1600 moh i Jotunheimen. Planten veks ofte på næringsfattig myr, men han kan òg vekse på nokså tørr mark. Utbreiinga er cirkumpolar.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Tettegrasplantar har vore bruka til produksjon av tettemjølk, ei form for konservering av mjølk. Ein la 30-40 tettegrasblad nedst i eit kjørel, og helte kuvarm mjølk over. Etter ei stund vart mjølka seig, slik at ho ikkje skilde seg i myse og ostestoff.
[endre] Namnet
Tettegras har namnet tettegras fordi blada frå tettegrasartane har vore bruka til å lage tettemjølk.
Det latinske namnet kjem av Pinguis ’feit’, og siktar til blada som skin feittaktig. Vulgaris tyder ’vanleg’.
[endre] Kjelder:
- C.A.M. Lindman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
[endre] Sjå òg:
- Dvergtettegras Pinguicula villosa
- Fjelltettegras P. alpina