Arendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Arendal)
Arendal
by
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Arendal
Del av Arendal
Areal 30,71 km²
Folketal 44 856  (2023)
Folketettleik 1 461 / km²
Postnummer 4801 ARENDAL
Innbyggjarnamn arendalitt
Preposisjon i Arendal
Kart
Arendal
58°27′42″N 8°46′19″E / 58.461653°N 8.772067°E / 58.461653; 8.772067
Wikimedia Commons: Arendal (city)

Arendal er ein by og administrasjonssenteret i Arendal kommune i Agder fylke. Tettstaden strekker seg nordaustover til Eydehavn og sørvestover til Fevik i Grimstad kommune, og har 44 856 innbyggjarar per 1. januar 2023. [1]

Arendal er eit viktig senter for samferdsel, handel, tenesteytingar og administrative funksjonar. Byen er sete for fleire offentlege administrasjons- og tenestefunksjonar av regional betydning, mellom anna administrasjonen i fylkeskommunen i Aust-Agder, Sørlandet sykehus Arendal, avdelingar av Universitetet i Agder og fleire vidaregåande skolar.

Arendal er eit attraktivt turistmål og turisttrafikken i kommunen er stor i sommarsesongen. Tettstaden ligg like ved Europaveg 18 og er knytt til Sørlandsbanen gjennom Arendalsbanen. I Arendal kjem det ei dagsavis, Agderposten, og ei lokalavis, Arendals Tidende, med to vekentlege utgåver.

Historikk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Ladestaden ved munningen av Nidelva voks fram om lag 200 år før Arendal fekk formelle kjøpstadrettar 7. mai 1723. Då budde anslagsvis 800–900 menneske på eit 340 dekar stort område. I 1807 hadde Arendal vakse til Noregs nest største sjøfartsby etter Bergen med 11 prosent av handelstonnasjen i landet. Krigen 1807–14 og dårlege tider etterpå ramma også Arendal, men ny vekst i sjøfart og handel toppa seg frå 1851 då England oppheva Navigasjonsakten. I 1884 var Arendal Noregs fremste sjøfartsby med omkring 500 skip på i alt 210 000 tonn, 13 prosent av tonnasjen i landet. Då viste glansperioden seg til å vera over, og Arendal og dei dåverande nabokommunane gjekk saman med heile regionen inn i ein stagnasjonsperiode som med kortare avbrot varte fram til 1945. Dette skyldtes mellom anna at reiarane i byen fekk problem ved overgangen frå segl- til dampskip, ettersom seglskipstonnasjen i Noreg kulminerte i 1890. Stagnasjonen i Arendal kan illustrerast ved at tettstaden Arendal, som hadde sterk vekst i folketalet fram til 1880-åra (16.080 innbyggarar i 1890), framleis ved slutten av siste krigen berre hadde 16.100 innbyggarar. Sidan har veksten i tettstaden igjen vore markant.

Sam Eydes plass utanfor rådhuset i Arendal.

Tyholmen er den eldste bydelen i Arendal, og har bevart mykje av særpreget på grunn av bevaring og fornying av den gamle bygningsmassen. Her ligg Treeiningskyrkja med 82 meter høgt tårn, og det gamle rådhuset i byen, som var Noregs høgste trebygning, teikna av arkitekt Peder B. Jessen og oppført 1813–15 som privatbustad for Morten M. Kallevig. Mot småbåthamna Pollen ligg fleire gamle verneverdige hus, mellom anna Den gamle tollbod frå 1676. Øvre Tyholmen mot Kittelsbukta har gamal småhusbusetnad. Etter tre bybrannar på 1800-talet vart delar av kanalane fylt att og busetnaden reist på nytt i mur, med unntak av Tyholmen. Den vellykka restaureringa av trearkitekturen gav Tyholmen Europa Nostra-prisen for miljøbevaring i 1992.

Den nyaste bydelen, langs sjøkanten mot Barbu, er prega av moderne næringsbygg. Her finst mellom anna Sørlandet kunnskapshavn som satsar på å legga til rette for nærings-, kurs- og læringslokale, etableringssenter og eit vekstmiljø for mindre bedrifter og kompetansemiljø i byen. Her ligg også Vitensenteret Sørlandet, som jobbar med å auka realkompetansen hos barn på Agder i tillegg til å vera ein turistattraksjon.

Merdøgaard Skjærgårdsmuseum er ein skipparheim frå seglskutetida, og inneheld mellom anna ein seilskuteverkstad med ei unik samling skipsutstyr. Industrimuseum i Eydehavn held til i en arbeidarbustad frå 1913.

Arendal fekk nytt rådhus og kulturhus i 2005. Bygningen inneheld også teater og kino.[2]

Arendal Fotballklubb spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arendal – tettstedet». Store norske leksikon. 21. juni 2017. Henta 27. januar 2018. 
  2. «Arendal». Store norske leksikon. 21. juni 2017. Henta 27. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]