Askim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Askim)
Askim
By
Askim stasjon på Askim.
Land  Noreg
Fylke Østfold
Kommune Indre Østfold
Areal 7,7 km²
Folketal 15 089  (2023)
Folketettleik 1 960 / km²
Innbyggjarnamn askiming
Preposisjon Askim
Kart
Askim
59°35′00″N 11°09′46″E / 59.58325°N 11.162861°E / 59.58325; 11.162861
Wikimedia Commons: Askim, Indre Østfold

Askim (uttale), også kalla Askimbyen, er ein by i Indre Østfold kommune i Østfold fylke. Byen var administrasjonssenteret i tidlegare Askim kommune med 15 089 innbyggjarar per 1. januar 2023. Frå 2020 er han kommunesenter i Indre Østfold kommune.

Byen har eit aktivt nyrenovert kulturhus bygd i funkisstil og to kinosalar, der den eine er ein sertifisert THX-kino. Badelandet Østfoldbadet ligg sentralt på Askim, og inngangspartiet er kopla saman med Kulturhuset i eit stiltilpassa nybygg.

Kulturfestivalen Kraftfestivalen blir arrangert kvar augustmånad og ein tradisjon i det høvet er opningskonserten i den gamle turbinhallen i Kraftverket ved Kykkelsrud. Viking-Askim var inntil nedlegginga i 1992 hjørnesteinsbedrifta i det vesle samfunnet. Sidan da har Askim i stor grad utvikla servicenæringane. Glava er nå hjørnesteinsbedrifta på Askim.

Lokalavisa er Smaalenenes Avis. Askim fekk bystatus i 1996.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Askimbyen går den austre linja av Østfoldbanen (lokaltog til Oslo). Her går også E 18 til Sverige. Det går vegar vidare nordover, fylkesveg 115 til Trøgstad og riksveg 22 til Lillestrøm. Sørover fører fylkesveg 115 til Skiptvet og fylkesveg 124 til Rakkestad, begge med samband vidare til Sarpsborg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]