Bodø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Bodø)
Bodø
By
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bodø
Areal 14,12 km²
Folketal 42 831  (2023)
Folketettleik 3 033 / km²
Innbyggjarnamn bodøværing
Preposisjon i Bodø
Kart
Bodø
67°16′58″N 14°22′30″E / 67.28267°N 14.37513°E / 67.28267; 14.37513
Wikimedia Commons: Bodø (city)

Bodø er ein by og administrasjonssenteret i Bodø kommune i Nordland. Byen har 42 831 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattssol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag. Det lulesamiske namnet på byen er Bådåddjo.

Bodø er ein av byane i Noreg som har hatt størst vekst sidan 1990-åra. I 2004 hadde Bodø ein vekst på 691 personar — ikkje inkludert kommunesamanslåinga med Skjerstad). Universitetet i Nordland har over 6 000 studentar.

Namn og etymologi[endre | endre wikiteksten]

Vatnvatnet er den tredje største innsjøen i Bodø og er skapt av isbrear. Typisk nordlandsk terreng er skogkledde dalar som endar opp i fjordar eller innsjøar. I terrenget rundt finn vi åsar med berggrunn.
Foto: Lars Røed Hansen

Namnet Bodø dukkar fyrst opp i det 16. hundreåret som eit len under lensherresetet Bodøgård, som ligg om lag tre kilometer sørausst for dagens sentrum, i Bodøsjøen bydel. Det norrøne namnet på denne garden var Bodin, som trulig er sett saman av det gamalnorske boði «båe, undervasskjer», etter båene i vika utanfor Bodøsjøen, som er staden der naustet for garden låg, og vin, som kan verte omsett med «hamnegang, eller grasslette». I så fall tyder Bodin «grassletta ved båe-vika». Dette namnet, som ein uttalte som «Bådin», med trykk på å-en og tonefall som i «Karin», utvikla seg i folkemålet til Bòddøya («Båddøya»). Bodø er ei fordansking av den forma. Ein annen etymologisk teori er at namnet kjem frå ordet Bodeiar, som betyr øya med buer. Øya kan då vere heile Bodøhalvøya, og buene er det ordet ein nytta for alle hus. Ordet tyder halvøya der folk bur.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bodø by, fotografert av Axel Lindahl mellom 1880 og 1890

Bodø vart grunnlagd i 1816 då faktoriet Hundholmen fekk bystatus. Hundholmen endra då namn til Bodø. Byen var tenkt som ein handelsby for nordnorske fiskarar i staden for Bergen. Byen voks lite dei fyrste 50 åra, men eit godt årleg sildefiske frå 1865 til 1874 gav nytt vekstgrunnlag. I 1900 budde det rundt rekna 3000 menneske i Bodø.

27. mai 1940 vart størsteparten av Bodø by lagt i grus av tyske bombefly. 3500 av dei 6000 innbyggjarane vart huslause, og knapt 200 hus stod att. 15 menneske omkom, av dei 13 bodøværingar og 2 britiske soldatar.

Gjenreisinga av Bodø starta då krigen slutta i 1945 og vart erklært ferdig i 1951. Takk vere god styring og forbod mot brakkereising vart byen ein av dei best planlagde i Noreg. Ein ny stor flyplass vart opna i 1952, Bodø domkyrkje i 1957, og Bodø stasjon på Nordlandsbanen i 1962.

Det amerikanske spionflyet U-2 var på veg til Bodø då det vart skote ned over Sovjetunionen i 1960, og byen fekk ein del merksemd i verdspressa etter dette. Sjå òg U2-krisa.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bodø-gate i februar 2005.

Bodø er eit viktig trafikknutepunkt. Bodø lufthamn er ein stor og moderne flyplass to kilometer utanfor sentrum, med fleire daglege avgangar til Oslo og andre norske byar. Bodø er òg endestasjon for Nordlandsbanen, med dagtog og nattog mot Trondheim og lokaltog til Rognan i Saltdal (Saltenpendelen). Riksveg 80 går austover og kjem inn på E6 ved Fauske, medan Fylkesveg 17 (Kystriksvegen) tek av sørover ved Saltstraumen. To av dei lengste riksveg-ferjestrekningane i Noreg går frå Bodø til Værøy og Røst. Det er daglege bussruter frå Bodø til nord-Sverige og Narvik/Tromsø, og snøggbåtruter til Helgeland og Lofoten, Nordlandsekspressen

Kultur[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vart Nordlands Framtid og Nordlandsposten samansmelta til Avisa Nordland, og er i dag den einaste dagsavisa utgjeven i Bodø.

Orkesteret Arktisk Filharmoni har kontor i byen og i Tromsø.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Reiseinfo Bodø». Hurtigruten. Arkivert frå originalen 2. juli 2013. Henta 14. august 2013. 
  2. «Arktisk Filharmoni — Om oss». Arktisk Filharmoni. Henta 27. oktober 2019. «Kontaktinfo til våre to kontorer i Tromsø og Bodø»