Fedje kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Fedje)
Fedje kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Fedje
Areal 9,27 km²
 - land 8,94 km²
 - vatn 0,33 km²
Folketal 519  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Stian Herøy (H)
Kommunenr. 4633
Kart
Fedje kommune
60°46′08″N 4°43′50″E / 60.768888888889°N 4.7305555555556°E / 60.768888888889; 4.7305555555556
Wikimedia Commons: Fedje
Nettstad: www.fedje.kommune.no

Fedje (uttale «Feie») er ein kommune Vestland fylke, heilt nordvest i Nordhordland. Kommunen vert utgjort av ei hovudøy, Fedje, og om lag 125 småøyar og holmar. Fedje ligg ytst mot havet og er ein vindfull stad. Det flate landskapet her ute er derfor kjenneteikna av lite skog. Hovudnæringa har historisk sett vore fiskeri.

Fedje sett frå Trafikksentralen for Vestlandet. I bakgrunnen ligg Fedjefjorden og midt i bilete kan ein skimte Mongstad i bakgrunnen.

Kommunen er ikkje landfast og ein er avhengig av ferje for å koma seg dit. Fedje ligg om lag halvannan times biltur nord for Bergen, 4,5 km vest for Sævrøy i Austrheim

Det meste av busetnaden på Fedje ligg rundt lune bukter på nordsida av øya, som Kyrkjevågen og Rognsvågen, men det finst òg spreidd busetnad andre stader på øya. Vestsida er derimot tynt folkesett.

På ei høgd på vestsida ligg Fedje Trafikksentral som er Vestlandets Sjøtrafikkavdeling sitt administrasjonssenter under Kystverket 2. distrikt. Frå her vert skipstrafikken langs kysten av Vestlandet overvaka, inkludert trafikk inn og ut frå Bergen og Mongstad. Trafikksentralen er bygd på tuftene etter eit tysk radartårn som vart bygd under den andre verdskrigen då om lag 400 tyskarar var utstasjonert her.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på Fedje heng saman med det norrøne faða, 'gjerde', som tidlegare har vorte tolka som «gjerdeøya». I dag trur forskarar at namnet i staden tyder «fiskestengsle», medan botanikarar peiker på at namnet kan kome av «feøya», sidan Fedje har vorte nytta som beiteland i lang tid og vart rydda for skog gjennom sviing.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over ytre Nordhordland

Fedje er den vestlegaste kommunen i landet,[1] og ligg ytst i havgapet. Mellom Fedje og fastlandet ligg den breie Fedjefjorden, i sør ligg Fedjeosen mot Øygarden, i nord ligg Holmengrå fyr ved grensa til Sogn og Fjordane og Gulen, like sør for utløpet til Sognefjorden.

Landskapet på Fedje er hovudsakleg flatt, og det høgaste punktet på øya, Fedjebjørnen, ligg berre 42 meter over havet. I grensa mellom sjø og land er det snaue svaberg dei fleste stader, og på stadane som er mest ope mot havet stader strekkjer svaberga seg 20-30 meter innover land.

Med eit areal på berre 9,4 km² er han den minste kommunen i Hordaland, og av dei minste i landet.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Fedje kommune består av omkring 125 øyar. Hovudøya Fedje er den klårt største og inneheld nesten all folkesetnad. Tre små øyar, Moldøyna, Skotholmen og Kremmarholmen i Kyrkjevågen, som ligg like nordom hovudøya er landfaste og har òg nokre bustadhus. Tidlegare var det òg bustad på Hellesøyna og Holmengrå i samband med fyrstasjonane her, men desse er fråflytta.

Holmengrå er av dei nordlegaste holmane i Fedje kommune

Av dei andre øyane i kommunen ligg så godt som samtlege nord for hovudøya i tre små grupper, medan det ikkje ligg nokon i aust, og berre eit fåtal sør og vest for hovudøya. Den nest største øya i kommunen er Lyngmågøyna og ligg i gruppa nærast sjølve Fedje. Nord for denne gruppa ligg sundet Nordre Ålen og Innarsøyane nord for her igjen. Dei fleste av Innarsøyane er ein del av eit fuglereservat. Nord for Innarsøyane ligg Nordosen og lengst nord Holmengrå og nokre småskjer. Det nordlegaste skjeret i kommunen er Dubleskjeret. Kommunegrensa går eit stykke nord for Holmengrå og her ligg fleire grunner som bølgjene bryt på.

Øya Fedje[endre | endre wikiteksten]

Mesteparten av innbyggjarane på Fedje bur nord på øya der ein finn fleire lune viker. Tettast er busetjinga rundt Kyrkjevågen, som er skjerma i alle retningar, i nord av Moldøyna. Midt i denne vågen ligg Kremmarholmen. Like vest for Kyrkejvågen ligg Rognsvågen, som er mest like verna. Rett sør for hovudbusetnaden på Fedje ligg Husavatnet, som trass namnet ikkje er eit vatn, men ein djup våg. Det er lite busetnad rundt denne vågen, truleg fordi munningen til vågen er særs smal og vender ut mot det opne havet. Sildevågen er ein lang og smal våg på nordaustsida av Fedje. Sør for Husavatnet ligg den store og aude utmarka på Fedje. Ho er særs myrlendt med mange torvmyrer. Denne utmarka utgjer mesteparten av øya og er i stor grad folketom.

Rognsvågen sett frå Varden.

Lengst sør på Fedje ligg grenda Stormark. Her var eigen skule og butikk i eldre tider. Like utanfor hamna i Stormark ligg Æskjeret. På folkemunne vert Stormark stort sett kalla Æskjeret og folket her for æskjeringar.

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange tjørner på Fedje, særleg i utmarka. Dei største er Storevatnet, Langevatnet, Kloken og Brurevatnet. Storevatnet er drikkevasskjelde på Fedje. Husavatnet er ikkje eit ferskvatn, men har eit smalt utløp ut til sjøen. Utløpet er derimot så smalt at vatnet er brakt.

Gardar[endre | endre wikiteksten]

Det meste av busetnaden på Fedje ligg nord på øya, medan resten bur heilt sør på øya. I sentrale område er det hovudsakleg utmark.

Husa og Kopper er dei to eldste gardane på Fedje. Desse hadde den beste jorda og låg ved dei lunaste vågane nord på Fedje, mellom Kyrkjevågen, Bruvågen og Rognsvågen. Både Husa og Kopper høyrte til matrikkelgarden Fedje med gardsnummer 168. Resten av denne garden vert kalla Nederlandet og omfattar Opphaugen, Eide, Brotet, Grenda, Muren, Stuberg, Uthaugen, Berge, Byttestykket, Børen, Tangane, Vika og Steinborg. Nedrelandet ligg mellom Kyrkjevågen og Rognsvågen, nord for Husa og Kopper.

Vest for Husa, Kopper og Nederlandet, det vil sei vest for Kyrkjevågen og ut mot storhavet, ligg området Vestkanten, som har sitt eige gardnummer, nr. 169. På midten av 1800-talet omfatta Kremmarholmen heile Vestkanten. I dag er Vestkanten innedelt i Holmen, Kremmarholmen, Smineset, Sulen, Hesteneset, Hesthøyen, Mulen og Muleide, Kongestølen og Smineset. Lengst sør på Vestkanten ligg garden Træsneset, som har gardsnummer 171.

Nord for Nederlandet ligg to små øyar, Moldøyna og Skotholmen, som har gardsnummer 170. Rognsvågen er ein matrikkelgard som ligg på austsida av vågen med same namn og har gardnummer 167.

Ein annan del av matrikkelgarden Fedje er Svena og Husøyna aust på Fedje som ligg med Rognsvågen i nord, Husavatnet i vest, Sildevågen i sør og Fedjefjorden i aust. Dette området var frå gamalt av ein del av utmarka til gardane Rognsvågen, Fedje og Moldøyna, og vart nytta som beitemark for husdyra. Fram til 1950-åra vart det drive stølsdrift her og ein hadde eigne sommarfjøs til å mjølke kyrna. Under andre verdskrigen vart det skild ut tomtar her, og særleg frå 1960-åra vart det bygd mange bustader her etter at kommunen regulerte eit byggefelt i Husøyna (som ikkje er ei øy).

Sør for Husøyna ligg Vågane og Nygård, som omfattar den nordaustlege delen av Stormarka. Dei grensar i nord mot Husavatnet, Husøyna og Sildevågen. Området var utmark fram til det vart lagt ut for sal av Fedje Torvbruk under første verdskrigen. Den første frådelinga i Vågane og Nygård følgde etter i 1917. Jorda vart oppdyrka og det vart drive husdyrhald, men fiske var hovudnæringa som elles på Fedje.

Lengst sør på Fedje ligg grenda Stormark, som òg vert kalla Æskjeret. Busetnad her kom først om lag 1885 i samband med torvbruket i den store utmarka.

Naturtilhøve[endre | endre wikiteksten]

Utmarka på Fedje sett frå Fedjebjørnen.

Mest heile øya er dekt av myr- og lyngheilandskap, små vatn og tjørner. Tidlegare vart det drive omfattande torvdrift på øya, og det vart til og med bygd ei toglinje som tok torva til hamna i Stormark. Torvdrifta tok slutt omkring 1920, men framleis er landskapet og vegetasjonen prega av denne drifta.[1] I dag som det meste av beitedrifta er borte har småskog, hovudsakleg gran, og kratt starta å vekse til, særleg dei lunare stadane på øya.

Myrlandskapet har gjeve Fedje eit særpreg og sjølv oppe på åsryggane finn ein fleire stader opp til to meter tjukke myrlag. Dette terrengdekkande myrlandskapet er mest vanleg i Irland, Wales og vestlege delar av Skottland. Myrlandskapet har oppstått som følgje av at steinalderbøndene rydda bort skogen.[2]

Dyre- og fugleliv[endre | endre wikiteksten]

Eit særmerke for Fedje er villkaninane. Desse kom opphavleg frå Shetland og vart sett ut på Fedje i 1875, den gong berre 3-4 stykk.[3] Dette var ikkje tamme kaninar som rømde eller vart sett ut, og heller ikkje dei liknande jærharane, men ekte villkaninar, som berre har eksistert eit fåtal stader i Noreg.[3] Tidlegare var kaninane talrike og eit vanleg syn på øya, men etter at det voks opp ein større minkebestand i 1960- og 1970-åra har talet på villkaninane gått sterkt attende, og er i dag kanskje heilt forsvunne.[1][2] Sidan kaninane held til på grasmark og opne skogområde, som det etter beitinga tok slutt er lite av på Fedje i dag, kan dette òg ha vore ei medverkande årsak til at dei er borte. Minken har òg teke over oteren sine jaktmarker, som i dag er i fåtal. I 1978 vart det først gong sett hjort øya, som har sømd den lange vegen over fjorden, og sidan den gong har ei lita stamme halde til her.[2]

Grågås på Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

Fedje har eit rikt fugleliv, og sørvest i kommunen ligg to sjølfulgreservat. I alt er det observert over 180 fuglegartar på øyane, dei fleste av dei trekkfuglar som flyg langs kysten, men nokre trekkfuglar overvintrar òg på grunn av dei milde vintrane. Dei fleste fuglane er sjø- og vadefuglar, men ein finn òg nokre spurvefuglar som trostar, songarar og finkar. I tillegg finn ein enkelte rovfuglar og ugler, mellom anna havørn. Om lag 40 fugleartar hekkar på Fedje. Fuglar som hekkar på Fedje er smålom, grågås, stokkand, krikkand, ærfugl, siland, orrfugl, tjeld, vipe (kalla siri på Fedje), steinvendar, raudstilk, storspove, småspove, enkeltbekkasin, tjuvjo, hettemåse, sildemåse, gråmåse (kalla storemåse på Fedje), svartbak (òg kalla storemåse på Fedje), fiskemåse (kalla sengsmåse på Fedje), makrellterne, raudnebbterne, tyrkardue, gauk, låvesvale, songlerke, heipiplerke, skjerpiplerke, gulerle, linerle, star, skjor, kråke, ramn, steinskvett (kalla steindulp på Fedje), gråtrost, svarttrost, kjøttmeis, gråsporv og bergirisk.[2]

Husdyr[endre | endre wikiteksten]

I dag er det eit par hundre sauer som beiter på Fedje, men tidlegare var husdyrhaldet langt rikare. Dei fleste gardane hadde sine eigne dyr og før den andre verdskrigen var Fedje sjølvforsynt med mjølk. I 1945 var det registrert 144 kyr på øya, men i dag er det ingen att.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fedje vart ein eigen kommune i 1947 og før den tid hadde han vore ein del av Austrheim (1910-1947) og Lindås (før 1910)

Eldre historie og gamle naturtilhøve[endre | endre wikiteksten]

Landskap frå vestsida av Fedje. Sett frå toppen av Hellisøy fyr.

den siste istida gjekk mot slutten auka havnivået på jorda, og på Fedje låg havet 20 meter høgare enn i dag for om lag 10 000 år sidan[1], som vil seie at om lag 80 % av dagens Fedje var under vatn. For 8000 år sidan førte landhevinga til at havnivået vart 1,5 meter lågare enn i dag, før havnivået igjen auka om lag 10 meter då innlandsisen i Amerika smelta. Etter kvart tok landhevinga igjen over og ein har fått det havnivået ein har i dag.[1]

Ved hjelp av sedimentprøvar frå tjørnene på Fedje har ein fått ein viss oversikt over korleis vegetasjonen har variert sidan den siste istida. Fram til om lag 4000 år sidan var austlege område av Fedje dekte av open lauvskog. Hovudsakleg har dette vore bjørk, men det er òg funne spor etter ein del svartor, hassel, alm, eik og selje. Dei neste to tusen åra vart skogen tynnare og det vart større flater med lyngheier. For 2000 år sidan og fram til i dag har Fedje vore dominert av lyngheilandskap. Den vêrutsette vestsida av Fedje var den gong som i dag trelause.[1]

Det er gjort særs få arkeologiske funn på Fedje. Ein del av årsaka til det er at overflata som steinalderfolket levde på i dag ligg under eit to meter tjukt myrlag. På 1800-talet vart det likevel funne ein 3500 år gammal flintdolk frå yngre steinalder, som viste at det var folk her alt den gong.[1] Sedimentfunn frå tjørner på Fedje viser ein høg frekvens av trekolstøv som starta for om lag 7000 år sidan. Mengda av støv tyder på at dette mest kjem av bålbrenning frå bustader ved desse tjørna i denne perioden. Etter kvart har ein funne at mengda av trekolstøv har auka kraftig, større mengder enn ein ville hatt ved vanlege skogbrannar. Dette tyder på at steinalderbøndene har svidd av området for å nytte det til beitemarker. Fedje må ha vore eit gunstig område å ha husdyr på beite, for dyra kunne ikkje rømme frå øya, og ho ligg så pass langt til havs at rovdyra held seg borte. I tillegg var og er klimaet mildt om vinteren slik at dyra klarte seg fint heile året.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første skriftlege kjeldene som nemner Fedje går tilbake til 1400-talet, då det truleg var fast busetnad her. Av dei tidlege innbyggjarane på Fedje finn ein folk frå Shetland, som følgje av det nære sambandet over Nordsjøen på denne tida.

Folket på Fedje livnærte seg hovudsakleg av fiske og jordbruk. I 1870-åra byrja fiskarane å få kontantinntekter frå vårsildefisket, og dette markerte byrjinga på ei omlegging frå naturalhushald til moderne pengehushald. Det dukka då opp fleire spesialiserte yrkesgrupper og fleire starta med fiske som eineyrke. I tillegg gav havet andre arbeidsplassar som losing, fyrteneste og sjøfart. Fiskarane på Fedje hadde kort veg til fiskefelta og hadde lune hamner i vågane som verna båtane mot uvêr. Etter kvart som fiskarane fekk motorbåtar var det mogeleg å drive heilårsfiske, som òg var naudsynt for å finansiere dei dyre båtane.

Fedje fekk først telegraf og telefon kring 1910. Dette gjorde mellom anna arbeidet til fiskarane lettare, som no kunne få melding kor tid silda var på veg inn og om marknadstilhøva. Det regelmessige dampskipsambandet til Bergen sikra fiskarane ein sikker avsetnad på fisken og ein god pris.

Under den første verdskrigen vart det faktisk gode tider for fiskarane på Fedje. Etterspurnaden etter fisk var stor både hos engelskmennene og tyskarane, som begge tevla om silda. England ville ikkje at silda skulle hamne hos tyskarane og betalte derfor ein særs god pris til fiskarane. Då krigen var over forsvann etterspurnaden og frå 1920 og utover var det lite å hente på sildefiske. Ei god binæring under krigen var losverksemd. Mange handelsskip kryssa over Nordsjøen til England i konvoiar verna av engelske krigsfartøy, og ofte vart handelsskipa samla i nærleiken av Fedje før dei kryssa havet. I denne tida var det ikkje så mange losar i området, så mange fiskarar tok på seg oppgåva med å lose dei forskjellige båtane i farvatnet mellom Sognefjorden og Bergen.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ved Vinappen på Fedje er det mange tyske ruinar frå andre verdskrigen.

Nokre veker etter at krigen braut ut i Noreg dukka tyskarane opp på Fedje. Dei sette i gang eit omfattande anleggsarbeid. Det vart sprengt ut bunkersar og nokre bustadhus vart okkuperte. Det vart bygt veg fram til Vinappen på vestsida av Fedje der det vart sett opp kanonstillingar. Huset til eine losen vart rive ned og her vart det bygt eit 40 meter høgt radartårn. Radartårnet hjelpte tyske fly til å finne flyplassen på Herdla i Askøy kommune. Frå Vinappen er det fritt utsyn frå nord til sørvest og tyskarane hadde her god kontroll over skipsfaren i området. Området vart strengt avstengd med gjerde og minefelt. Dei som hadde beiteområde innanfor gjerda måtte ha passersetel for å kom gjennom porten til området. Det vart bygt administrajonsbygg, matsal, bustadbrakker, badstove, sjukestove, vegar, damanlegg, skytebane og ein jernbane som frakta stein opp til der radartårnet vart bygt. Kring 400 tyskarar var stasjonerte på Fedje.

Den første tyske sjefen på Fedje var truleg nervøs og gav ut portforbod etter mørket for alle innbyggjarane, noko som var vanskeleg då dei fleste hadde utedo. Innbyggjarane klaga til overkommandoen i Bergen og raskt etter vart ein ny sjef sett inn og innbyggjarane kunne ferdast fritt.

Etter krigen vart dei fleste tyske bygningane på Fedje selde på auksjon og det meste rive ned. Nokre vart nytta som bustadhus. I dag er det framleis mange spor etter tyskarane på Fedje. Trafikksentralen for Vestlandet er bygt på tuftene etter radartårnet, og matsalen til tyskarane har sidan krigen vorte nytta som ungdomshus for bygdelaget.

Elektrisk straum[endre | endre wikiteksten]

Det tok si tid før det kom elektrisk straum til Fedje. Utbygginga av kraftanlegga i indre område av Vestlandet starta i 1910-åra, men det var dyrt og teknisk særs vanskeleg å leggje straumnett utover øyane i Austrheim, og ikkje minst over den djupe og breie Fedjefjorden. På grunn av den store utryggleiken om det var mogeleg å leggje kabel til Fedje, vart dei ikkje medlem av Nordhordland Kommunale Kraftlag (NKK) for å unngå å vere med å betale utbygginga til andre kommunar, medan dei sjølv ikkje fekk straum. Då tyskarane oppretta radaranlegg med elektrisk aggregat på Fedje under den andre verdskrigen vart dette notert av feingane, og to aggregat, det eine frå ubåtstasjonen på Laksevåg i Bergen, vart montert i 1945. Straumen var dyr og motorane til aggregatet vart berre halde i drift frå 0600 til 2400. I 1952 fekk Fedje endeleg straum via kabel frå fastlandet. Sidan Fedje ikkje var medlem av NKK risikerte dei stundom å verte straumlause i periodar med lite nedbør.

Torvindustrien[endre | endre wikiteksten]

I utmarka på Fedje finst store mengder torvmyrer som er 2-3 meter djupe dei fleste stader. Den djupaste delen av torva er den beste av di han er så tettpakka og derfor brenn lengre. Dette vart kalla koltorv fordi han var svart som kol. Sidan det er lite trevirke på Fedje tok ein til å vinne ut torva for å nytte ho som brensel. I snitt nytta kvart husbruk om lag 300 hektoliter torv i året. Mai var som regel den tørraste månaden av året og høgsesong for torvopptaking. Ungane fekk då to vekers «torvferie» for å delta i opptakinga. Kring 1875 vart Fedje Torvkompanie oppretta og mykje torv vart sendt til Bergen. Særleg under den første verdskrigen var det stor drift, og det vart til og med oppretta jernbanelinje frå torvmarkene og ned til hamna i Stormark på sørsida av Fedje. I mellomkrigstida vart det stilt spørsmål til denne rovdrifta og rundt 1920 var det slutt på den kommersielle drifta. Feiingane heldt fram med torvtakinga til kring 1950-åra, då Fedje fekk elektrisk straum.

I dag er det framleis tydelege spor etter torvdrifta med mange myrhol og bert berg der ein har grave seg ned.

Kræmmerholmen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kremmarholmen.
Kræmmerholmen.
Foto: Frode H. Korneliussen

Frå 1600-talet gjekk all handel på Vestlandet føre seg i Bergen. Bøndene og fiskarane måtte derfor reise hit for å få selje varene sine og kjøpe det dei sjølv trengde. Frå 1702 fekk kjøpmennene i Bergen lov å opprette handelsstader, såkalla «Kremmer-leier», på landet. Det var viktige å finne lune hamner, som låg lagleg til. Eigarane måtte ha bergensk borgarskap og handelsstaden vart styrt av ein gesell. På denne måten fekk byane økonomisk kontroll over distrikta.

Kræmmerholmen på Fedje er først gong nemnt i 1658. I følgje segna var det ein handelsmann som bygde dei første husa her som takk for at han berga seg i land her etter eit forlis.[1] Kræmmerholmen låg midt i skipsleia og vart den naturlege handels- og gjestgjevarstaden i ytre Nordhordland. Ein viktig faktor for byborgarane var naturlegvis sal og eksport av fisk.[1]

Den gamle hovudbygningen på Kræmmerholmen vart bygd på 1700-talet. På slutten av 1700-talet var Kræmmerholmen på Fedje av dei største handelsstadene i Nordhordland[1] og Fedje var eit viktig fiskevær på kysten. Her var både skjenkestad og herberge. Christopher Karhs, ein av dei rikaste kjøpmennene i Bergen, kjøpte Kræmmerholmen av Jockum Dankertsen i 1799 og eigde i tillegg heile Fedje, inkludert alle oppsitjarar og hus. I tillegg fekk han garden Kvalvåg i Lindås, gjestgjevarstaden Kilstraumen i Austrheim og kyrkja på Fedje med alt inventar. For alt dette betalte han 8800 riksdalar,[1] som var ein stor sum i dei dagar.

Då grossisten Eriksen frå Stavanger tok over etter Kahrs-familien, vart Kræmmerholmen eit landhandleri. Her vart det seld brød, tobakk og brennevin, medan fiskarane salta fisken sin i naustet. Han gav så mykje kreditt at han rundt 1890 måtte leggje ned Kræmmerholmen og det var slutten for staden som handelsstad. Fram til 1969 vart husa nytta som privat bustad, men i 1971 med støtte frå Norsk Kulturråd starta ein oppussing av husa i eit prosjekt for verne dei gamle handelsstadane i landet. I 1977 overtok Fedje kommune staden, og i 1991 vart Kræmmerholmen opna som gjestgjevarstad igjen med utleige av nybygde rorbuer. I tillegg er det i dag restaurant og museum på staden.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[4] 1900[5] 1950[4] 2000[6] 2023[6]
131 510 943 682 513

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Fedje kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Fedje kyrkje
For meir om dette emnet, sjå Fedje kyrkje.

Fedje har hatt kyrkje sidan 1659, og før den tid eit korhus, som vart nemnt første gong i 1636. Fedje fekk først kyrkjegard i 1679, og før den tid vart dei døde frakta over Fedjefjorden til Austrheim kyrkje, ein praksis som ofte kunne vere farefull. I 1888 vart den gamle kyrkja rive ned og erstatta av ei ny i tre med 80 sitjeplassar. Denne vart fort for lita og stod ikkje særleg lenge, for alt i 1941 vart den noverande kyrkja på Fedje innvigd. Ho er i stein og har 400 sitjeplassar.

Kyrkja står på Stenborg, like oppfor ferjekaien og er godt synleg frå mange stader nord på Fedje, òg frå sjøen.

Fritid[endre | endre wikiteksten]

Då tyskarane forlet Fedje i 1945 stod det att over 30 brakker og småhus etter dei. Den største brakka vart kjøpt av bygdelaget på Fedje og omgjort til ungdomshus. Her var det òg bygdekino ein periode. I tillegg til ungdomshuset vart den større gymnastikksalen òg nytta som samfunnshus. I september 2007 fekk Fedje ein ny fleirbrukshall. Bygget er ein kombinert idrettshall og samlingsstad, og her er mellom anna treningssenter og bowlinghall med fire banar.[7]

Fedje har eigen kino.[8]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballbanen på Fedje ligg mellom Husøyna og Rognsvågen og vart opna 21. august 1977. Banen har har grusdekke. Det er ikkje løpebane rundt fotballbanen, men her finst lengdegrop og kulestøyt/diskosring, skateboardrampe og sandvolleyballbane. Fotballaget til Fedje har i alle år høyrt til dei nedre divisjonane. I 2009 speler A-laget til Fedje i 6. divisjon for tiande sesongen på rad. 6. divisjon er det nest lågaste nivået i Hordaland Fotballkrets, og det har vist seg å vera svært vanskeleg å rykka ned til 7. divisjon[1] Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine..

1. mai 1974 opna symjehallen på Fedje, som er tilknytt skulen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle på Fedje sa «havet» med mange tonefall, alltid med respekt; havet var arbeidsplassen, eksistensgrunnlaget. Til havs - i storm, med tungt drag i sjøen; i havblikk, med den uendelege horisonten, der havet stig og sig, i dovne dønningar inn mot blankslipte svaberg. Havet var kvardagens arbeidsstad for folket på Fedje; havet sleit ut folk og gjorde dei tidleg gamle

Kulturhistorisk vegvisar - Fedje[1]

Fiske har til alle tider vore ei hovudnæring på Fedje, først til eige bruk, og seinare som ei inntektskjelde.

Det vart fiska på fleire fiskeslag. Feingane deltok i sildefisket til det tok brått slutt i 1960-åra, då silda var nær utrydda. Silda sømde derimot stort sett forbi Fedje, så ein måtte som regel dra eit stykke avstad for å få tak i ho, og dei gongane fangsten var god, vart det som regel overskot på sild og prisane fall. Difor la fiskarane på Fedje om fisket tidleg i 1920-åra, og satsa meir på sei og torsk. Fangsten vart frakta til torget i Bergen og seld fersk der. I tillegg vart det fiska etter makrell, størje og laks. Laksen vandrar forbi Fedje på veg inn til gyteelvane på land. I 1950-åra vart det sett i gang eit større fiske etter makrellstørje, men utover 80-talet vart lite å få, så truleg har det vore overfiske på denne bestanden òg. Linefiske etter lange, brosme, hyse og kveite har òg vore vanleg på Fedje.[3]

Stundom vitjar sjeldne fiskeartar Fedje, og 14. november 1902 vart det fanga ein månefisk i Rognsvågen på Fedje. Han vart kjøpt av Bergen Museum og er framleis utstilt ved Naturhistorisk Museum i Bergen. Fisken er om lag 2,5 m lang og 3 m høg.[3]

Anna fangst[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fisk har det vorte fanga ein del raudkrabbe på Fedje. I seinare tid har det òg vore ein del fangst av akkar. Fedje hadde tidlegare fleire kvalbåtar som dreiv kvalfangst i Nordsjøen og vestover til Shetland og Island, i seinare stort sett i Barentshavet. Det vart stort sett drive fangst på vågekval, men òg på brugde, som er ein haiart.[3]

Losstasjonen og trafikksentralen[endre | endre wikiteksten]

Fedje sjøtrafikksentral.
Foto: Frode H. Korneliussen
Losbåtar på Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

På heile 1800-talet var det losar stasjonert på Fedje, og sidan Fedje ligg midt i skipsleia for innseglinga til Bergen frå nord, var det mange skip som trong loshjelp då dei kom hit. Losyrket var derfor ei viktig næring på Fedje, både som hovudnæring og attåtnæring for fiskarane. Etter kvart gjekk talet på losar ned og rundt 1910 var det berre ein los att på Fedje. Under den første verdskrigen hadde engelskmennene stor trong for losar til konvoiane sine som gjekk forbi Fedje, og etter kvart hadde dei fast stasjon på Fedje for skifte av konvoi med utgåande og innkomande skip. Det vart derfor flytta fleire losar til Fedje, samt at mange lokale fiskarar vart nytta som losar i krigsåra. Då krigen var over gjekk talet ned att til ein los, men i 1928 vart dei to.

Eit vilkår for å verte los var at ein var busett slik at ein hadde godt utsyn over havet frå heimen sin. Losane sat då heime og heldt utkikk etter innkomande skip. Dei heldt sjølv sine eigne losbåtar. I 1930-åra hadde ein los på Fedje om lag 30 oppdrag i året, som gav ei årsløn på 4600 kr, som var ei særs god løn på denne tida.[1] Under den andre verdskrigen bygde tyskarane radartårn på nordvestsida av Fedje, og i 1953 vart det bygd ei loshytte på tuftene etter tårnet, og i 1956 fekk losvesenet her ei skikkeleg losskøyte. Trafikken auka år for år og etter at oljeraffineriet på Mongstad opna i 1970-åra vart det i 1977 bygt ein større og moderne losstasjon på same stad. Då oljeraffineriet på Sture, sør for Fedje, vart bygt avgjorde Stortinget at trafikksentralen for Vestlandet skulle byggast på Fedje. Bygningen vart ført opp på same stad som den tidlegare losstasjonen og stod ferdig til bruk 1. september 1992.

Andre næringar[endre | endre wikiteksten]

Rundt dei to gode vågane, Kirkvågen og Rognsvågen, nord på Fedje vart det oppretta fleire verksemder på 1900-talet.

Tran- og fôrfabrikk[endre | endre wikiteksten]

I mellomkrigstida bygde Feie Tranfabrikk A/S ein kvalstasjon i Rognsvågen. Verksemda heldt fram til 1960-åra då dei la ned på grunn av råstoffmangel, og i 1968 tok S/L Hordafisk over tomta og tok til med produksjon av fôrmjøl og fiskeolje. Dei nytta «skitfisk» frå trålflåten i Nordsjøen og avskjer frå fryseriet og hermetikkfabrikken på Fedje som råstoff. I slutten av 80-åra tok Storfôr A/S over drifta og produserte fôr til oppdrettsanlegg og husdyr. Verksemda la ned på byringa av 1990-talet.

Hermetikkfabrikk[endre | endre wikiteksten]

I 1953 vart det bygt ein sardinfabrikk på Fedje. Han vart raskt den største arbeidsplassen i kommunen og hadde særleg mange kvinner tilsett. I 1982 gjekk alle hermetikkfabrikkegiarane i landet saman og skipa Norway Foods. I 1995 vart fabrikken på Fedje nedlagt på grunn av bedriftsøkonomien, utan å ta omsyn til kva dette hadde å seie for lokalsamfunnet.[1] I dag 1997 selde Riber Foods ASA egedomen til Havstad Tinn AS som etablerte tinnproduksjon i lokala. Produksjonen omfatta opp til 20 ansatte, men vart avslutta gradvis da den største kunda Hadeland Lys og Tinnstøperi AS flytta produksjonen til Thailand. I ein mellomfase dreiv Havstad Kræmmerholmen, Galleri Sardin, utlege av fyra på Fedje og turistkontoret på øya. Så vart produksjonen flytta tilbake til Blylaget på Nesodden i dei gamle lokala der i 2007. I 2016 vart fabrikken solgt til Land & Strand Eiendom AS ved Tore Frugård. Det vert no dreven kafe, og resten av fabrikken vert leiligheter.

Fryseri[endre | endre wikiteksten]

Det vart lagt planar om eit fryseri på Fedje alt i mellomkrigstida, men det var først ein realitet i 1961 som Fedje fyrseri A/S. Mange førte fisken sin hit for vidareforedling, og frå 1980-åra har særleg fiskeoppdrettarane vore ein viktig kunde. Her vert fisken både slakta og pakka. Fryseriet førte med seg andre verksemder som røykeriverksemda Fedje Havprodukter A/S i 1987. Etter kvart har desse slått seg saman til Feie Røykeri. Det meste av fisken vert eksportert til utlandet.

31. august 2008 braut det ut brann i lokala til verksemda og på grunn av faren for utslepp av ammoniakkgass vart bustadområdet nær lokale evakuert.[9]

I den seinare tid har det blitt etablert Ølbryggeri og I 2017 vart butikken på Fedje flytta ned i Fryseriet.

Mekanisk verksemd[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1960-åra starta planane om å skipe ei mekanisk verksemd retta mot fiskeflåten ved Rognsvågen på Fedje. I 1971 starta Kleppe Stål A/S verksemda si, men gjekk raskt konkurs og i 1980 overtok Fedje Mekaniske Verkstad A/s verksemda.

Andre[endre | endre wikiteksten]

Samstundes med at dei tradisjonelle næringane på Fedje, som kvalfangst og hermetikk, stort sett er i ferd med å forsvinne, er tenesteytande næringar forankra i sjøfart på veg fram. Fedje Treningssenter gjev tryggleiksopplæring for fiskarar. Reiarlaget Bugser og Beredskap gjev arbeid for dei mange tankbåtane som trafikkerer rundt Fedje på veg til og frå Mongstad og Sture.

I tillegg har turismen vorte ei viktig næring på Fedje dei siste åra. Kræmmerholmen er ein gammal handelsstad der det i dag er fiskerestaurant og utleige av båtar og rorbuer, samt eit lite kystkulturmuseum.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Fedje kommune vart den første kommunen i landet som vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2003 og heile kommunenverksemda er miljøsertifisert.[10]

U-864[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Unterseeboot 864.

5 km vest for Fedje, i Fedjeosen, ligg vraket av den tyske ubåten U-864 som vart søkt her 9. februar 1945 under andre verdskrigen av ein engelsk torpedo. Ubåten er fylt med 65 tonn kvikksølv og utgjer ein miljøtrugsel for området om dette skulle lekkje ut. Kystdirektoratet ønskjer å dekkje vraket til, men ei aksjonsgruppe på Fedje og Noregs Miljøvernforbund meiner dette berre vil utsette trugselen frå vraket og ønskjer å få det heva og fjerna.[11]

Deep Sea Driller[endre | endre wikiteksten]

1. mars 1976 havarerte oljeriggen Deep Sea Driller i orkan under eit slep og dreiv i land på vestsida av Fedje. Seks menneske mista då livet. På Hellisøy fyr like ved vart det målt full storm (25,7 m/s), men vindkast opp i over 40 m/s.[12]

Serverforliset[endre | endre wikiteksten]

12. januar 2007 gjekk frakteskipet «Server» på grunn på holmen der Hellisøy fyrstasjon står og årsaka eit stort oljeutslepp som grisa til mykje av strendene sør og vest på Fedje. Ei omfattande oppreinskingsaksjon i løpet av året som følgde fekk fjerna det meste av olja.

Transport[endre | endre wikiteksten]

MF «Fedjefjord» til kai på Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

Sjøvegen har alltid vore den viktigaste transportåra for folket på Fedje, og i lange tider var årer og segl naudsynt for å ta seg over fjorden, noko ein ikkje gjorde med mindre ein hadde gode grunnar til det. Det første dampskipet som vitja Fedje var D/S «Horden» i 1884. Dette var ei stor hending for feingane, som heiv seg i båtane og rodde ut til skipet, som låg i Moldøyosen like nordom sjølve Fedje fordi det ikkje var kai å leggje til ved. Alle ville om bord for å sjå denne nyskapinga og kaptein Andersen på «Horden» skreiv til styret i Lindås-Masfjorden Dampskipsselskap etter hendinga «Jeg har oppdaget en ø med ville hvite mennesker». I 1888 vart det bygd kai ved Stenborg, og i 1891 ved Holmen. Det dukka då opp butikkar ved kaiane, og det vart oppretta postkontor på Stenborg.

Etter kvart som bilen gjorde sitt inntog gjekk D/S «Prektig» frå RossnesRadøy til Fedje. Skipet tok stundom med seg nokre bilar på dekk når det var fint vêr. I 1970 fekk Fedje si eiga bilferje, MF «Fedje». Òg denne gjekk frå Rossnes, og hadde ei mellomlanding på Hoplandsjøen. Turen gjekk då heile Fedjefjorden på langs frå Rossnes i sør til nordsida av Fedje, ein tur som tok vel ein time. Den første tida var ferja òg innom Rongevær på vegen.

I 1990 vart det lagt ny veg og ferjekai på Sævrøyna i Austrheim, og Fedjefjorden vart i staden kryssa på tvers, den kortaste vegen, og reisetida vart om lag halvvert. M/F «Fedje» var ein god båt og låg mest aldri vêrfast, sjølv i den vêrharde Fedjefjorden, men etter kvart som trafikken auka så vart det gjort krav om større båt, og i 2001 vart M/F «Fedjefjord» sett inn i sambandet.

Det finst ikkje landbaserte kollektivtilbod på Fedje. Fylkesveg 423 går frå dei nordvestlegaste områda av Fedje, via ferjekaien og sørover på austsida av øya til Stormark og Hellisøy fyr. Ferja og ferjekaien vert rekna som ein del av riksveg 568.

Fyrstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Hellisøy fyr.
Foto: Frode H. Korneliussen
For meir om dette emnet, sjå Hellisøy fyrstasjon og Holmengrå fyrstasjon.

Det ligg to fyrstasjonar i Fedje kommune. Hellisøy fyrstasjon på ein holme på sørvestsida av sjølve Fedje og Holmengrå fyrstasjon som ligg nokre kilometer nord for Fedje, ytst i havgapet. Hellisøy fyr kom i drift i 1855, medan Holmengrå vart tent i 1892. Begge fyra lyser framleis, men er i dag avbemanna. Hellisøy fyr hadde tidlegare ein vêrstasjon, men denne vart tidleg i 2000-åra flytta til trafikksentralen på Fedje. I dag vert det drive utleige av fyrvaktarbustadane på begge fyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 Fedje kommune (1995). «Naturtilhøva». I Nils Georg Brekke og Ronny B. Skaar. Kulturhistorisk vegvisar - Fedje. Nord 4 - Vestkyst. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Øivind Olsnes (1984). Oskar Tangen, red. Bygdebok for fedje. Fedje bygdeboknemn. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Oskar Tangen, red. (1984). Bygdebok for fedje. Fedje bygdeboknemn. 
  4. 4,0 4,1 Arvid Skogseth, Fedje og folket (Fedje kommune, 1997)
  5. Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
  6. 6,0 6,1 Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  7. Fleirbrukshallen på Fedje[daud lenkje]
  8. Program for Fedje kino
  9. «Brann på Feie røykeri». Fedje kommune. 1. september 2008. 
  10. «Natur og Miljø». Fedje kommune. 10. august 2007. Henta 8. oktober 2008. 
  11. «Folkeaksjonen: Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje!». hev-u864.com. 2007. Henta 8. oktober 2008. 
  12. Lys i mørke: En ny hverdag - Dokumentarserie på NRK

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]