Flekkefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Flekkefjord)
Flekkefjord
stad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Flekkefjord
Høgd moh.
Areal  3,58 km²
Folketal 6 034  (2021)
Folketettleik 19 / km²
Postnummer 4207
Innbyggjarnamn flekkefjæring
Preposisjon i
Kart
Flekkefjord
58°17′50″N 6°39′31″E / 58.29722222°N 6.65861111°E / 58.29722222; 6.65861111
Wikimedia Commons: Flekkefjord (town)

Flekkefjord er ein by og administrasjonssenteret i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg inst i Lafjord, som er det indre framhaldet av Stolsfjorden som munnar ut i Fedafjorden, om lag 10 kilometer innanfor fjordgapet. Flekkefjord hadde 6034 innbyggjarar i 2021.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Flekkefjord har namnet sitt etter ein tidlegare gard, garden Flikka. Gardsnamnet har ukjent opphav, men kan mogleg vere ei avleiing av flík (f.), flik eller rift, som kan vise til jordvegen som ei smal slette mellom åsane.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Flekkefjord ligg nært E39, omtrent midtvegs mellom Kristiansand og Stavanger. Byen er eit viktig service- og handelssenter for eit stort omland på begge sidene av grensa mot Rogaland. Gjennom tettstaden går eit smalt elveløp som går frå Lafjord og inn til Grisefjorden som ligg i havnivå innanfor. Den bymessige busetnaden ligg både mot Lafjord og Grisefjorden innanfor. Mot Grisefjorden ligg Hollenderbyen (Øvrebyen) med eit verneverdig bymiljø.

Flekkefjord kyrkje, ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1833, ligg på vestsida av elva. I tettstaden ligg Byggeskikksenteret, oppretta i 2011, som vegleiar i vedlikehald og utbetring av eldre, verneverdig byggemasse.

I Flekkefjord har ein mellom anna Flekkefjord videregående skole og Sørlandet sykehus Flekkefjord HF. I Flekkefjord kjem lokalavisa Agder Flekkefjords Tidende ut tre dagar i veka.[3]

Hollenderbyen[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Flekkefjord fekk kallenamnet Hollenderbyen på bakgrunn av skutene frå Nederland som jamnleg var innom her. Frå 1500- til 1700-talet la fleire hollandske skip til her for å laste hummer, tømmer og stein. Eksporten av norsk tømmer og stein vart brukt som byggjemateriale til å byggje opp Amsterdam i Nederland under hollendertida.[4][5][6][7] Vest-Agder-museet Flekkefjord ligg i denne delen av tettstaden, i nært samband til det gamle bymiljøet.[8] I Hollenderbyen finn ein òg Grand Hotell bygd i 1897 i sveitserstil.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tettsteders befolkning og areal», SSB (på norsk bokmål), henta 29. november 2022 
  2. «O. Rygh: Norske Gaardnavne», www.dokpro.uio.no, henta 29. november 2022 
  3. «Flekkefjord». Store norske leksikon. 2. november 2017. Henta 20. januar 2018. 
  4. «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse på Agder» (PDF), riksantikvaren.no (på norsk), henta 30. november 2022 
  5. Smaabyen. «HISTORISKE HOLLENDERBYEN» (PDF). 
  6. 6,0 6,1 «Hollenderbyen Flekkefjord», www.visitsorlandet.com (på norsk), henta 29. november 2022 
  7. 7,0 7,1 «Hollenderbyen i Flekkefjord», www.visitnorway.no (på norsk), henta 29. november 2022 
  8. «Flekkefjord – tettstedet». Store norske leksikon. 6. august 2015. Henta 20. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]