Jondal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Jondal)
Jondal
tettstad
Jondal
Foto: Helge Gunnar Byrkjeland
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Areal 0,59 km²
Folketal 404  (2023)
Folketettleik 685 / km²
Postnummer 5627 JONDAL
Innbyggjarnamn jondøl(ing)
Preposisjon i Jondal
Kart
Jondal
60°16′33″N 6°15′08″E / 60.2758°N 6.25222°E / 60.2758; 6.25222
Wikimedia Commons: Jondal (village)

Jondal er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Staden var kommunesenter i tidlegare Jondal kommune fram til 1. januar 2020 da kommunen vart slegen saman med Odda kommune og Ullensvang herad til nye Ullensvang kommune. Vegane som kjem frå alle bygdene i Jondal kommune møter kvarandre midt i sentrum. Det er òg ferjesamband frå Jondal til Tørvikbygd. Tettstaden har 404 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Bygningar og fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

I og med at Jondal var kommunesenteret, ligg det tidlegare kommunehuset her, samt dei fleste av butikkane i kommunen. Frå og med skuleåret 2006-2007 hadde Jondal kommune berre éin skule, Jondal skule, som ligg i sentrum av tettstaden, på nordsida av Jondalselva, som deler bygda i to. Dette er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 150 elevar, SFO, gymsal og symjehall. Skulen ligg side om side med Jondal Barnehage og kulturskulen i Jondal, som begge har eigne bygg. Aldersheimen Vikevollen ligg rett over vegen for skule og barnehage. På sørsida av Jondalselva ligg turistinformasjonen i Jondal.

Jondal kyrkje ligg òg i tettstaden Jondal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jondal