Namsos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Namsos)
Namsos
stad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Namsos
Areal 4,65 km²
Folketal 8 280  (2023)
Folketettleik 1 781 / km²
Innbyggjarnamn namsosing
Kart
Namsos
64°28′01″N 11°29′38″E / 64.467°N 11.494°E / 64.467; 11.494
Wikimedia Commons: Namsos (town)

Namsos er ein by og administrasjonssenteret i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg lengst inne i Namsenfjorden, ved munningen av lakseelva Namsen, og har 8 280 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Namsos vart grunnlagt i 1845. Byen består mest av trehus og har brunne ned tre gonger i si relativt korte historie. Fyrste gongen var i 1872 då to gutar leikte med fyrstikker. Andre gongen var i 1897 av ukjent årsak. Tredje gongen var under andre verdskrigen då byen vart bomba av tyske fly den 20. april 1940. Nærleik til Namsen og dei store skogane gjorde staden ideell for sagverk. I dag finst framleis eitt av dei elleve historiske sagverka, Moelven Van Severen.

Det er tollavgift med bil inn til Namsos, som skal gå til å finansiere ei ny bru og tunell, i tillegg til vedlikehald av det lokale vegnettet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.