Sandefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Sandefjord)
Sandefjord
By
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Sandefjord
Areal 24,05 km²
Folketal 46 453  (2023)
Folketettleik 1 932 / km²
Innbyggjarnamn sandefjording
Preposisjon i Sandefjord
Kart
Sandefjord
59°07′52″N 10°13′00″E / 59.13118°N 10.21665°E / 59.13118; 10.21665

Sandefjord er ein by og administrasjonssenteret i Sandefjord kommune i Vestfold med 46 453 innbyggjarar per 1. januar 2023. Bysenteret ligg inst i Sandefjordsfjorden og byen strekker seg sørover på begge sider av fjorden. Over ni tidelar av folkemengda i kommunen bur i byen. Noko av busetnaden her kryssar kommunegrensa til Larvik kommune.

Vestfoldbanen går gjennom bysenteret, og E 18 kryssar kommunen 3 kilometer nordvest for bykjernen. Fylkesveg 303 fører langs kysten til Tønsberg og Larvik, medan Fylkesveg 305 fører frå bysenteret til E 18 og vidare nordover til Andebu. I nordaust ligg Sandefjord lufthamn, Torp. Byen har ferjesamband med Strömstad i Sverige. Lokalavisa er Sandefjords blad, som kjem ut dagleg.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sandefjord er ei gammal hamn og var ladestad allereie i 1680. Byen blei ein anerkjent kur- og badestad etter at det i 1837 blei funne svovelhaldig vatn og gytje. I 1845 fekk byen kjøpstadsrettar, men var alt frå 1837 bykommune. Sjøfart og kvalfangst blei dei viktigaste næringsvegane for byen. Etter at kvalen på Finnmarkskysten blei freda i 1904, blei det satsa på kvalfangst i havområda ved Antarktis, og Sandefjord blei den førande kvalfangstbyen fram til norsk kvalfangst i Antarktis tok slutt i 1960-åra.

Ei moderne regulering av bysenteret blei gjennomført etter ein bybrann i 1900, da kyrkje, skole og 55 hus brann ned. Frå den tid stammar sentrumsreguleringa med aksen frå jernbanestasjonen til kvalfangstmonumentet i Badeparken langs den indre hamna i byen. I Badeparken låg det tidlegare kurbadet. Her ligg Hvalfangstens hus og Rica Park Hotel, med småbåthamna utanfor.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sandefjord rådhus, med mellom anna teater-, kino- og konsertsal, er frå 1975. På austsida av Sandefjordsfjorden ligg byhamna og eit større industriområde, der mellom anna Framnæs Mek. Værksted låg (lagt ned i 1987). Her blei skoleskipet Christian Radich bygd. Sandefjord har vidare Hvalfangstmuseet, bymuseum og sjøfartsmuseum. Både bymuseet og sjøfartsmuseet held til i freda bygg frå høvesvis slutten av 1700-talet og 1830.

Ved museumsbrygga ligg Gaia, ein kopi av Gokstadskipet. Sandefjord kyrkje er ein langkyrkje i tegl frå 1903, teikna av Carl Michalsen med altertavle av Dagfin Werenskiold (1963).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]