Tettstaden Stokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stokke
stad
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Sandefjord
Areal 2,35 km²
Folketal 4 249  (2023)
Folketettleik 1 808 / km²
Postnummer 3160 STOKKE
Innbyggjarnamn stokkesokning
Kart
Stokke
59°13′25″N 10°18′01″E / 59.22358333°N 10.30033333°E / 59.22358333; 10.30033333

Stokke er ein tettstad i Sandefjord kommune i Vestfold fylke med 4 249 innbyggjarar per 1. januar 2023. Han var administrasjonssenter i den tidlegare Stokke kommune.[1]

Tettstaden har fleire forretningar og kontor, i tillegg til noko industri.[2] Her ligg dei gamle lokala til Stokke rådhus, i tillegg til skolane Bokemoa skole og Stokke ungdomsskole. Stokke stasjon er ein lokal jarnbanestasjon og blei opna i 1881 da Vestfoldbanen stod ferdig.

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sten Lundbo. «Stokke». Store norske leksikon. Henta 27. januar 2018. 
  2. Geografi - Stokke kommune, arkivert frå originalen 26. oktober 2013, henta 5. mai 2011