Volda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Volda)
Volda
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Volda
Areal 3,78 km²
Folketal 7 033  (2023)
Folketettleik 1 861 / km²
Postnummer 6100 VOLDA
Innbyggjarnamn volding
Preposisjon i Volda
Kart
Volda
62°08′45″N 6°04′15″E / 62.1458°N 6.07083°E / 62.1458; 6.07083
Wikimedia Commons: Volda (village)

Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har 7 033 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.

I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Aust for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.

Frå Volda ferjekai i sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstadfylkesveg 652 og Folkestadfylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er trafikkert av Widerøe.[1]

Bilete frå Volda[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Volda». Store norske leksikon. 15.08.2016. Henta 07.09.2016.