Teuzzone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teuzzone
RV 736
Opera av Antonio Vivaldi
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert1718
Urframføring28. desember 1718
Typisk lengd200:26
Tekst avApostolo Zeno

Teuzzone er ein italiensk opera av Antonio Vivaldi frå 1718. Han vart først framført ved Teatro Arciducale i Mantova den 28. desember 1718.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Røyst
Troncone, Keisaren av Kina tenor
Teuzzone, sonen hans sopran
Zidiana, gift med Troncone alt
Cino, ein guvernør sopran
Sivenio, ein general bass
Egaro, vaktkaptein alt
Argonte, ein Tartar-prins tenor
Kor av soldatar, vakter og folk

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga omhandlar tida etter Troncone døyr, der kona hans Zidiana planlegg i lag med guvernøren Cino og generalen Sivenio om å ta over makta, sjølv om Teuzzone er den rettmessige arvingen. Zelinda, forloveden til Teuzzone, er ei mektig kvinne og kjempar mot denne planen, då det vart klart at planen til Zidiana er å gifte seg med Teuzzone sjølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]