Texaco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gammal bensinpumpe for Texaco i Florida.

Texaco (kort for Texas Company) er eit amerikansk petroleumsmerke. Det var eit sjølvstendig oljeselskap fram til 2001, då det fusjonerte med Chevron. Symbolet til selskapet er ei raud eller kvit Texas-stjerne med ein T inni.

Selskapet blei grunnlagd i 1901 som Texas Fuel Company etter oljefunn i Spindletop ved Beaumont i Texas. I 1905 byrja det operera i Belgia som Continental Petroleum Company. Gjennom fleire tiår kjøpte det opp fleire andre oljeselskap i ulike land, og stod bak ei rekkje bensinstasjonar. Merket er velkjend i USA, Latin-Amerika og Vest-Afrika og noko mindre i Europa.

Texcaco fusjonerte med Chevron i 2001 og danna selskapet ChevronTexaco. I 2005 blei namnet endra til Chevron igjen, med Texaco som eit merke. I juli 2010 blei Texaco-merket fjerna frå over 1 100 bensinstasjonar i dei midatlantiske statane av USA – Delaware, Indiana, Kentucky, Nord-Carolina, New Jersey, Maryland, Ohio, Pennsylvania, Sør-Carolina, Virginia, Vest-Virginia, Washington D.C. og delar av Tennessee.

I 1995 fusjonerte dei norske og danske Texaco-delane med Norsk Hydro under namnet HydroTexaco, seinare YX energi. Dette selskapet blei selt i 2007 til Reitangruppen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Texaco

Kjelder[endre | endre wikiteksten]