Texel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Texel | |
| Satellittbilete av Texel | |
| Plassering | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Provinsar |
Nederland Noord-Holland |
| Borgarmeister | C.J. Geldorp-Pantekoek |
| Geografi | |
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
463,28 km² 161,96 km² 301,32 km² |
| InnbyggjararStatline - Totalt (2007) - folketettleik |
13 617 84/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Diverse annan informasjon | |
| Nettstad: www.texel.nl | |
Texel er ein kommune og ei øy i Nederland i provinsen Noord-Holland. Ho er den største og mest folkesette av Dei vestfrisiske øyane i Vadehavet og den vestlegaste øya i øygruppa, som strekk seg austover til Danmark. Den neste øya i øygruppa er Vlieland, nord for Texel.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Det ligg sju landsbyar på øya, De Cocksdorp, De Koog, De Waal, Den Burg, Den Hoorn, Oosterend og Oudeschild. Kommunen er delt inn i distrikta Bargen, De Nes, Dijkmanshuizen, Driehuizen, Harkebuurt, 't Horntje, Midden-Eierland, Molenbuurt, Nieuweschild, Noorderbuurt, Ongeren, Oost, Spang, Spijkdorp, Tienhoven, Westermient, Zevenhuizen og Zuid-Eierland.
Kommunen består òg av sandbanken Noorderhaaks, som ikkje er busett. Øya Texel, som fekk byrettar i 1415, bestod opphavleg av to øyar, sjølve Texel i sør og Eierland i nordvest. Desse var kopla saman av sandbankar. På 1600-talet vart desse sandbankane om gjort til ein polder og dei to øyane vart ei øy. I dag er Texel den største naturlege barrièren mellom Nordsjøen og Vadehavet.
Sanddynelandskapet på Texel er eit unikt habitat for dyreliv. Texel er kjend for dyrelivet sitt, særleg om vinteren då rovfuglar og gjess held til her. Om lag ein tredjedel av Texel er ein del av eit naturreservat.
[endre] Historie
Tidleg i mellomalderen og før kan Texel og Wieringen ha vore mykje større og møtt kvarandre som motsette breidder av Marsdiep, som då var ei elv med breidder av permanent land.
Det har vore fleire slag i nærleiken av Texel:
- 1653 slaget ved Scheveningen - Under den første engelsk-nederlandske krigen
- 1673 slaget ved Texel - Under den tredje engelsk-nederlandske krigen
- 1945 det georgiske opprøret på Texel - Under den andre verdskrigen
[endre] Bakgrunnsstoff
- texel-info.com
- texel.online.nl
- texel.net
- Bilete frå Texel
- Further information about Texel på coastalguide.org
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Texel» frå Engelsk Wikipedia, den 11. februar 2008.
|
|
||
|---|---|---|
|
Dei vestfrisiske øyane Dei austfrisiske øyane Dei nordfrisiske øyane |
||

