Teymur Rəcəbov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teymur Rəcəbov

Statsborgarskap Aserbajdsjan
Fødd 12. mars 1987 (37 år)
Baku
Yrke sjakkspelar
Teymur Rəcəbov på Commons

Teymur Rəcəbov, eller med engelsk skrivemåte Teimour Radjabov, (fødd 12. mars 1987) i Baku, er ein stormeister i sjakk frå Aserbajdsjan. På FIDE si ratingliste per september 2009 var Rəcəbov rangert som verdas 7. beste spelar med 2757. Den høgaste ratingen hans var 2761 i januar 2009.

Teymur Rəcəbov var eit sjakk-vedunderbarn, og klarte krava til å bli stormeister i sjakk i ein alder av berre 14 år og 14 dagar. Dette gir han femteplassen på lista over yngste stormeistrar gjennom tidene.

Han var lenge verdas beste junior, til han gjekk for aldersgrensa, og toppa lista over verdas sterkaste juniorspelarar - som då kom 4 gongar i året - 14 gongar.

Berre 15 år gamal slo Rəcəbov den tidlegare verdmeisteren, Garri Kasparov, med dei svarte brikkene i Linares-turneringa i sjakk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]