Thásos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thásos
Lokalt namn: Θάσος
Liménas på Thásos
Liménas på Thásos
Geografi
2011 Dimos Thasou.svg
Stad Det thrakiske havet
Koordinatar 40°43′N 24°46′EKoordinatar: 40°43′N 24°46′E
Øygruppe Dei nordegeiske øyane
Areal 379,0 km²
Høgaste punkt Ypsário (1 204 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Thásos
Største busetnad Liménas (3 234 innb.)
Demografi
Folketal 13 770 (2011)
Folketettleik 36,2 /km²

Thásos (gresk Θάσος, osmansk tyrkisk طاشوز Taşöz, bulgarsk Тасос) eller Thassos er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Det thrakiske havet, nord i Egearhavet. Ho ligg nær kysten av Thráki og sletta til elva Nestos (Mesta) (under den osmanske tida kalla Kara-Su).

Thásos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Kavála prefektur, men frå 2011 er øya òg ei eiga periferieining i periferien Aust-Makedonía og Thráki. Thásos har ferjesamband med Kavála.

Øya var i antikken kjend for gullgruvene sine, vinen, nøttene og marmoren. Vin frå Thásos var særleg kjend og førte til at myntar frå Thásos hadde bilete av vinguden Dionysos på ein sida og ein drueklase på den andre.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Thásos

Thásos er ei rundvoren øy utan djupe buktar eller utstikkande halvøyar, men heile øya er prega av fjellterreng. Den høgaste toppen, Ypsário (1205 moh.), ligg på austsida av øya, som er brattare enn den vestre og dekt av furuskog. Tradisjonelt budde folk i innlandet der dei dreiv landbruk. Dei hadde ofte trapper (skála) til næraste hamn. Etterkvart som turismen blei viktigare flytta mange ut til kysten.

Bilete frå Liménas (Thásos by) på 1950-talet.

Thásos by, hovudbyen på øya, i dag helst kalla Liménas eller «hamna», ligg på nordsida av øya og har to hamner.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart tidleg kolonisert av fønikarar, sannsynlegvis på grunn av gullgruvene som var her. Dei grunnla tempelet til guden Melqart, som grekarane identifiserte som «den tyriske Herakles», og kulten glei etter kvart over til å dyrke Herakles etter at øya vart hellenisert.[2] Tempelet stod framleis under tida til Herodotos.[3] Thasos, son til Fønix eller Agenor, skal ha vore leiaren til fønikarane og har gjeve namnet sitt til øya.

I anten 720 eller 708 fvt. flytta ein gresk koloni frå Páros til Thásos. Det var under ein krig mellom kolonistane frå Páros mot saianarane, ei thrakisk stamme, at diktaren Arkhilokhos kasta skjoldet sitt. Grekarane fekk meir makt på fastlandet, der dei rådde over gullgruver som var meir verdifulle enn på Thásos. Innbyggjarane frå Thásos tok ut store rikdommar frå desse gruvene, og årsinntekta deira skal ha vore på mellom 200 og 300 talentar. Herodotos, som vitja Thásos, skreiv at dei beste gruvene på øya var dei som fønikarane hadde opna på austsida av øya mot Samothráki.

Mynt frå Thásos frå 400-talet fvt.

Thásos var viktig under den joniske revolusjonen mot Persia. Etter at Milet vart erobra (494 fvt.) omleira Histiaeus, den joniske leiaren, øya. Åtaket slo feil, men åtvara Thásos om farane der ute. Øybuarane brukte rikdomen sin til å byggje krigsskip og styrke festningsverka sine. Dette skapte mistanke hos persarane og Darios tvinga dei til å overgje skipa sine og rive ned murane. Etter tapet for Xerxes vart thasarane medlem av Det athenske sjøforbundet, men etter ei stund, på grunn av krangel om gruvene og markeda på fastlandet, gjorde dei opprør.

Athenarane slo dei til sjøs og etter ei omleiring som varte meir enn to år, tok dei hovudstaden, Thásos, sannsynlegvis i 463 fvt., og tvinga thasarane til på ny å rive ned murane sine, overgje skipa og betale erstatning og ein årleg kontribusjon på 21 talentar frå 449 fvt., og frå 445 fvt. om lag 30 talentar. I tillegg måtte dei gje frå seg eigedomane på fastlandet. I 411 fvt., på tida under oligarkiopprøret i Athen, gjorde Thásos igjen opprør mot Athen og fekk ein spartansk guvernør, men i 407 fvt. vart partisanarane frå Sparta kasta ut, og athenarar under Thrasybulos tok over.

Etter slaget ved Aegospotami i 405 fvt.) kom Thásos igjen under Sparta og Lysander danna eit dekarki her, men athenarane må ha teke ho tilbake sidan ho var eit av emna under ein strid mellom dei og Filip II av Makedonia. I forviklingane mellom Filip III av Makedonia og romarane vart Thásos tatt av Filip, men fekk tilbake fridomen sin etter at romarane vann slaget ved Kynoskefalae (197 fvt.), og var framleis ein «fristat» på tida til Plinius den eldre.

Thásos vart ein del av Austromarriket og vart erobra av Det osmanske riket i 1462. Eit kort opprør mot det osmanske styret i 1821, leia av Hajiyorgis Metaxas, slo feil. Øya vart gjeve til av Sultan Mahmud II til Mehemet Ali av Egypt som eit personleg len i 1820-åra, som takk for at Egypt blanda seg inn i den greske sjølvstendekrigen. Det egyptiske styret var relativt venleg og øya vart velståande fram til 1908 då det nye tyrkiske regimet tok kontroll over ho. 20. oktober 1912, under den første balkankrigen, erklærte ein gresk marineavdeling øya som ein del av Hellas.

Aksemaktene okkuperte øya frå 1941 til 1944 i lag med resten av Aust-Makedonía og Thráki, og Thásos var under bulgarsk kontroll. Øya leid under svolt og dei unge mennene måtte ut i slavearbeid. Bulgararane planla å annektere området og det første steget i bulgarianiseringa var å stenge alle skulane. Fjellterrenget gav grunnlag for noko motstandsrørsle. Den greske borgarkrigen førte til småtrefningar og åtak frå ein kommunistgerilja fram til 1950, nesten eitt år etter at kampane var ferdig på fastlandet.

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

  • Alykí
  • Astrída
  • Kallirákhi
  • Kínyra
  • Lévki
  • Limenária
  • Mariés
  • Panajía
  • Potamiá
  • Potós
  • Prínos
  • Rakhóni
  • Skála Kallirákhis
  • Skála Marión
  • Skála Rakhoníou
  • Skála Sotíros
  • Sotíras
  • Theológos




Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Thasos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  1. Hugh Johnson, Vintage: The Story of Wine s 39. Simon and Schuster 1989
  2. Pausanias, 5.25.12.
  3. Herodotos Historier 2.44.


Dei nordegeiske øyane
Øyar i det sentrale Egearhavet: Sámos • Foúrni • Thýmena • Ikaría • Khíos • Inoússes • Psará • Andípsara • Lésvos • Ájos Evstrátios • Límnos
Øyar i Det thrakiske havet: Samothráki • Thásos • Bozcaada (Ténedos) • Gökçeada (Ímvros)