Thüringer Wald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thüringer Wald
fjellkjed
Land  Tyskland
Kart
Thüringer Wald
50°40′00″N 10°50′00″E / 50.666666666667°N 10.833333333333°E / 50.666666666667; 10.833333333333
Wikimedia Commons: Thüringer Wald

Thüringer Wald er ei fjellkjede i Thüringen i Tyskland som går frå nordvest til søraust. Ho er om lag 120 km lang og 35 km brei og den høgaste toppen er Großer Beerberg (982 meter).

Rennsteig (stundom kalla Rennweg) er ein eldgamal veg som følgjer toppane over hovudryggen. Dette er ei dag ein populær tur og markerer grensa mellom det slettedominerte terrenget i Nord-Tyskland og det meir kuperte terrenget sentralt i landet, grensa mellom Thüringen og Franken. Dialektar og tradisjonelle skikkar og klesplagg var forskjellig på dei to sidene av Rennsteig.

Thüringer Wald er kjend for slottet Wartburg utanfor Eisenach, der Martin Luther heldt seg ei stund i eksil, og for turisme året rundt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]