Chathamalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Thalassarche cauta eremita)
Chathamalbatross
Thalassarche eremita, bilete frå Kaikoura, New Zealand Foto: Craig Nash
Thalassarche eremita, bilete frå Kaikoura, New Zealand
Foto: Craig Nash
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av chathamalbatross
Utbreiinga av chathamalbatross
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: Chathamalbatross T. eremita
Vitskapleg namn
Thalassarche eremita

Chathamalbatross (Thalassarche eremita), engelsk namn Chatham Albatross, Chatham Mollymawk, eller Chatham Islands Mollymawk, er ein stor sjøfugl og mellomstor albatross. Alle para hekkar på Pyramiden, Chathamøyane aust for New Zealand. Han har ikkje fått tilordna normert namn på norsk.

Dette taksonet var tidlegare rekna å vere ein underart av svartflekkalbatross, Thalassarche cauta,[1] men er i dag kjent som ein sjøvstendig art.

Vaksne fuglar skil seg frå svartflekkalbatrossar med langt mørkare gråfarge i andletet, øvre hals og øvre rygg, gult nebb og gul stripe over kinnet.

Chathamalbatrossar migrerer til området mellom Australia og Perustraumen ved Sør-Amerika, så langt nord som til 6° S. Populasjonen er estimert til 11 000 hekkande fuglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clementslista versjon 6.3 frå desember 2008