Thalenitt-(Y)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Thalenitt-(Y) er eit mineral som består av yttriumsilikat, Y3Si3O10(OH), og krystalliserer monoklint. Det finst på granittpegmatittar, mellom anna som kjøttraude krystall frå Hundholmen i Tysfjord. Det er truleg at dei massive, metamikte «thalenittane» frå lokalitetar i Sør-Noreg i røyndomen er mineralet keiviitt-(Y).

Det er kalla opp etter den svensken fysikaren T. R. Thalén (1827–1905).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]