Thameslink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thameslinktog i Cambridge

Thameslink er ei jarnbanelinje og eit tidlegare britisk selskap som dreiv denne linja fram til april 2006, då First Capital Connect overtok anbodet. Jarnbanestrekninga er på omkring 225 km, og går frå Bedford i nord til Brighton i sør via Snow Hill-tunnelen i London. Den tener også London Gatwick Airport og London Luton Airport. Thameslink-linja er eit viktig tilbod for pendlarar, og omkring 40 millionar passasjerar blir frakta kvart år. Etter anbodsendringa har det blitt vanlegare å referere til linja som First Capital Connect, i tråd med selskapet bak det nye anbodet. Stasjonane West Hampstead Thameslink og City Thameslink har førebels ikkje skifta namn.

Tunnelen linja kryssar London gjennom blei gjenopna i 1988 etter å ha vore stengt for passasjertrafikk i femti år. Den nordlege delen av Thameslink erstatta ei linje mellom Bedford og St Pancras stasjon, og blir køyrt på Midland jernbanelinje.

I sør blir det køyrt på to linjer. Den viktigaste går via London Bridge til East Croydon og så til Brighton. Den andre gjekk opphavleg via Elephant and Castle og Streatham til West Croydon, og så vidare til Guildford. Linja kryssa ei rekkje andre linjer, og då jarnbanen i Storbritannia blei privatisert blei den stadig vanskelegare å drive. Den blei derfor omkring 1994 kutta ned slik at endestasjonen blei West Croydon. Omkring 1995 blei ruta endra, og Thameslink slutta å køyre til West Croydon. Ruta blei lagt om til Sutton, Wimbledon og Streatham; frå sistnemnde stasjon blir den køyrt til Brighton over same spor som hovudruta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thameslink