Thar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilde frå NASA av Tharørkenen, med grensa mellom India og Pakistan markert.
Thar er namnet på eit stor sandørken og steppeområde som ligg i India og Pakistan, mellom elvane Indus og Sutlej, Aravallifjella og saltsjøen Rann of Kutch. Tharørkenen er også kjend som Great Indian Desert, 'Den store indiske ørkenen'.
Ørkenen har ein årleg nedbørsmengd på under 100 mm i vest og 500 mm i aust. Temperaturen kan nå 50 °C om sommaren (mai-juni), medan frost er vanleg om vinteren.
Tharørkenen omfattar rundt tre fjerdedelar av den indiske delstaten Rajasthan. Rundt 40 % av innbyggjarane i delstaten bur i ørkenen.
Vatningskanalar som Rajasthan Canal er meint å hjelpa oppdyrking av område nord og vest i ørkenen, og i å hindra ørkenspreiing.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Thar»
- Denne artikkelen bygger på «Thar» frå Wikipedia på bokmål, og «Thar Desert» frå Wikipedia på engelsk den 17. mars 2010.