That’s All Right (Mama)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
That’s All Right (Mama)
Singel av Elvis Presley
B-side «Blue Moon of Kentucky»
Utgjeve 4. september 1954
Sjanger Rock and roll
Lengd 1:57
Selskap Sun Records
Låtskrivar(ar) Arthur Crudup
Produsent Sam Phillips
Elvis Presley-kronologi
That’s All Right (Mama) «Good Rockin' Tonight»
(1955)

«That's All Right (Mama)» er den første songen som vart gjeve ut på singel av Elvis Presley, skrive og opphavleg spelt av bluessongar Arthur Crudup. Elvis sin versjon vart spelt inn i juli 1954 og gjeve ut 4. september 1954.

Songen vart opphavlege skrive og spelt inn av Crudup i 1946. B-sida til Elvis sin singel var «Blue Moon of Kentucky». Katalognummeret til singelen var Sun 209. På etiketten står det «That's All Right» (utan (Mama) som i originaltittelen), og at songen vart spelt av Elvis Presley, Scotty & Bill, som er Scotty Moore på sologitar og Bill Black på kontrabass. Han vart produsert av Sam Phillips i Sun Studio. Innspelinga hadde ingen trommer eller andre instrument, og var ei live-innspeling.

Songen har av musikkmagasinet Rolling Stone vorte kalla den første rock and roll-songen, noko som derimot er omstridd. Same magasinet plasserte òg songen på 112. plass på lista over dei 500 største songane gjennom tidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


114:
 «Up on the Roof» 
The Drifters
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
113


Elvis Presley – «That's All Right»

112:
 «I'm So Lonesome I Could Cry» 
Hank Williams