The Everly Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Everly Brothers

Everly Brothers på ein av sine siste konsertar.
OpphavIowa i USA
Periode1957–1973
1983–
Aktiv1951–2014
Sjangercountry, rock 'n' roll, rockabilly
PlateselskapArista Records, Warner Bros. Records, Apex, Cadence
MedlemmerDon Everly
Phil Everly
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

The Everly Brothers er ei amerikansk country-inspirert rockegruppe sett saman av brørne Isaac Donald «Don» Everly (f. 1937) og Philip «Phil» Everly (f. 1939). Duoen slo gjennom i 1957 med sine fine vokalharmoniar og akustiske westerngitarspel. Dei blei kjent for hittar som «Bye Bye Love», «Wake Up Little Susie», «All I Have to Do Is Dream» og «Crying in the Rain». Songane dei framførte og harmonisynginga deira inspirerte grupper som The Beatles, The Beach Boys, Simon & Garfunkel og a-ha. Med sin pene, harmoniske stil var gruppa mindre kontroversielle enn andre tidlege rockmusikarar som Little Richard og Elvis Presley, men dei fekk stor tyding for utviklinga av sjangeren. Dei blei plasserte i Rockens æresgalleri (Rock and Roll Hall of Fame) i 1986.

Everly Brothers hadde sterke musikalske røter i countrymusikken, ettersom foreldra deira var countrymusikarar frå Kentucky. Dei opptredde på foreldra sitt musikkprogram på radio i Iowa frå 7-8-årsalderen, og programmet blei etterkvart kjend som The Everly Family Show. Everly Brothers var ei av fleire syngande syskengrupper innan countrymusikk på 1950-talet, som The Delmore Brothers, The Louvin Brothers, Jim & Jesse (McReynolds) og The Osborne Brothers. Synginga deira hadde tett harmoni, merka seg ut ved mykje bruk av parallelle tersar. Desse skilde seg ut frå klassiske harmoniar, og gjorde at kvar melodilinje kunne stå på eigne bein. Som regel song Don den nedre melodilinja (baryton) og Phil den øvre (tenor). I «"Devoted To You» bytta dei stadig kven som song den øvre og kven som song den nedre. Don song dei fleste sololinjene åleine, som i versa i «Bye Bye Love», men Phil song solo i til dømes «It's All Over».

Duoen hadde ei stordomstid i åra rundt 1960. Populariteten deira begynte å dala ei tid før den britiske bølgja, og dei klarte aldri å gjenvinna populariteten sin. Ei tid fortsette dei å gje ut plater, men skilte lag i 1973 som bitre uvennar. Everly-brønre begynte å opptre saman igjen i 1983, og Paul McCartney skreiv songen «On The Wings Of A Nightingale» til dei, som blei ein liten hit. Everley Brothers har sidan opptredd ein del saman, mellom anna på Simon & Garfunkel sin gjenforeningsturne i 2003–2004. Dei har også vore solomusikarar. Phil Everly hadde mellom anna noko suksess saman med Cliff Richard.

I Noreg hadde duoen særleg stor suksess med singelen «Crying in the Rain» på byrjinga av 1960-talet. Den norske gruppa a-ha spelte inn ein versjon av denne i 1990 på sitt fjerde album, East of the Sun, West of the Moon.

The Everly Brothers var blant dei første ti namna som blei tekne opp i Rockens æresgalleri (Rock and Roll Hall of Fame) i 1986. Sidan er dei også blitt tatt opp i Hall of Fame for både country og rockabilly.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]