The Air Up There

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Air Up There er ein amerikansk filmkomedie frå 1994. Filmen er skriven av Max Apple og regissert av Paul Michael Glaser. Han handlar om Jimmy Dolan, ein trenar på eit collegelag i basketball som vil finne ein ny god spelar til laget. Jimmy ser ein video med ein svært god spelar frå Afrika, og reiser dit for å prøve å rekruttere han. Rollene vert spelte av mellom andre Kevin Bacon, Charles Gitonga Maina og Yolanda Vazquez.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]