The Andrews Sisters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Andrews Sisters
Apple Tree Andrews Sisters.jpg
Andrews Sisters i filmen Private Buckaroo (1942).
Sjanger Swing, boogie
Aktive år 1925-1951, 1956-1967
Plateselskap Dot Records, Decca Records
Nettstad www.cmgww.com/music/andrews/
Medlemmer
LaVerne Andrews (kontraalt)
Maxene Andrews (sopran)
Patty Andrews (mezzosopran)

The Andrews Sisters var ei populær vokalgruppe i USA frå 1920-åra og heilt fram til 1960-åra. Gruppa bestod av systrene LaVerne Andrews (1911-1967), Maxene Andrews (1916-1995) og Patty Andrews (1918-2013). Far deira var gresk innvandrar, mora var norsk-amerikanar. Gruppa vart kjend for å syngja jazzinspirert swing/boogie med tette harmoniar. Trioen heldt det gåande heilt fram til 1967, då eldstesystera LaVerne døydde av kreft.

Gruppa slo igjennom i 1938 med slageren «Bei mir bist du schön». Dette vart den første i ei lang rekkje med hits, som Boogie Woogie Bugle Boy, Rum and Coca Cola, The Beer Barrel Polka og Don't Fence Me In. Andrews Sisters spelte òg inn songar i lag med Bing Crosby, t.d. Jingle Bells - Bjelleklang. Dei medverka også i mange filmar frå 1940 og utover, og musikken deira vart ofte brukt til å underhalda amerikanske soldatar i krig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]