The Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Band
Bob Dylan and The Band - 1974.jpg
Bob Dylan and The Band på turne i Chicago i 1974. Frå venstre til høgre: Danko, Robertson, Dylan og Helm.
Alias Levon and the Hawks
Canadian Squires
Opphav Toronto i Canada
Sjanger Rock, country, rootsrock, americana, bluesrock
Aktive år 1964–1976, 1983–1999
Tilknytte artistar Ronnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, John Simon, Allen Toussaint
Plateselskap Capitol, Rhino, Warner Bros.
Tidlegare medlemmer
Levon Helm
Garth Hudson
Rick Danko
Robbie Robertson
Richard Manuel
Stan Szelest
Jim Weider
Randy Ciarlante
Richard Bell

The Band var eit kritikarrost og viktig rockeband. Den originale gruppa bestod av kanadiarane Rick Danko (bassgitar, kontrabass, fele, trombone, vokal), Garth Hudson (klaverinstrument, saksofon, trompet), Richard Manuel (piano, trommer, barytonsaksofon, vokal), Robbie Robertson (gitar) og amerikanaren Levon Helm (trommer, mandolin, gitar, vokal). Alle fem medlemmene var kjende musikarar kvar for seg.

Medlemmene i The Band kom først i lag då dei vart med i bandet til rockabillyartisten Ronnie Hawkins som The Hawks, ein etter ein mellom 1958 og 1963. Då dei forlet Hawkins i 1964, var dei ei kort stund kjend som The Levon Helm Sextet med saksofonisten Jerry Penfound som den sjette medlemmen, så Levon and the Hawks etter at Penfound forlet bandet. I 1965 gav dei ut ein singel på Ware Records under namnet Canadian Squires, men gjekk attende til Levon and the Hawks for ei innspeling for Atco seinare i 1965.[1] Om lag på same tid hyrte Bob Dylan Helm og Robertson inn for to konsertar, og så heile bandet for den amerikanske turneen hans i 1965 og verdsturneen i 1966.[2] Dei vart òg med han på dei uformelle innspelingane som seinare vart The Basement Tapes.

Fordi dei alltid vart kjend som «bandet» eller «the band» for forskjellige frontmenn, så sa Helm at «The Band» fungerte bra som eit namn for gruppa[3] og forlet Saugerties i New York for å spele inn sine eigne songar. Dei spelte inn dei mest kritkarroste albuma sine seint i 1960-åra: Debutplata Music from Big Pink frå 1968 (med singelen «The Weight») og The Band i 1969. I 2004 vart «The Weight» rangert som den 41. beste songen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[4]

The Band vart oppløyst i 1976, men kom saman att i 1983 utan gitaristen Robbie Robertson. Sjølv om The Band alltid har vore meir populære hos musikkkritikarane og hos andre musikarar enn hos det generelle publikum, har dei alltid vorte sett opp til og vore eit viktig band. Gruppa vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1989[5] og Rock and Roll Hall of Fame i 1994.[6] I 2004 rangerte Rolling Stone dei på 50. plass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene,[7] og i 2008 fekk dei Grammyprisen Lifetime Achievement Award (ein ærespris).[8]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Musikken til The Band blanda mange element, hovudsakleg gammal country og tidleg rock and roll, sjølv om rytmeseksjonen ofte likna Stax eller Motown, og Robertson har omtalt Curtis Mayfield og Staple Singers som viktige inspirasjonskjelder. Dette førte til ein syntese av mange musikksjangrar. Av låtane til bandet var særs få av dei tidlege songane deira baserte på vanlege blues og doo-wop akkordskifte.

Alle medlemmane i bandet kunne spele mange instrument. Dei skifta derimot lite på instrumenta då dei heldt konsertar, men under innspelingane kunne musikarane spele i lag i mange samansetningar. Hudson klarte særleg å få må ut mange forskjellige klangar frå Lowrey-orgelet sitt, som på refrenget til «Tears of Rage», der det høyrest ut som ein mellotron. Tromminga til Helm vert ofte rosa, og kritikaren Jon Carroll sa at «Helm er den einaste trommisen som kan få deg til å gråte», medan den kjende studiotrommeslagaren Jim Keltner har sagt at han tok til seg mange av teknikkane til Helm.

Songarane Manuel, Danko og Helm førte kvar med seg ei særeigen stemme til The Band. Den søramerikanske stemma til Helm hadde meir enn eit hint av country i seg, Danko hadde ei tenorstemme, og Manuel skifta mellom falsett og baryton. Dei song ofte i lag i harmoni. Sjølv om dei ofte delte synginga likt mellom seg, har både Danko og Helm sagt at dei såg på Manuel som hovudsongaren i bandet.

Robertson var den viktigaste låtskrivaren i bandet, men han song berre solovokal på tre studiosongar av bandet («To Kingdom Come», «Knockin' Lost John» og «Out Of The Blue»). Denne rolla, og at Robertson seinare kravde opphavsretten til dei fleste songane, førte seinare til mykje fiendskap, særleg mellom Helm og Robertson. Helm skriv i sjølvbiografien sin This Wheel's on Fire - Levon Helm and the Story of The Band at Robertson i røynda ikkje var hovudlåtskrivaren i bandet, og at songane til The Band ofte vart spelte inn og laga som eit samarbeid mellom alle medlemmane. Robertson hevda på si side at Helm ikkje hadde skrive nokre av songane som var tilskriven Robertson[9] og dottera hans har seinare i eit brev til Los Angeles Times peikt på at nesten alle songane på soloalbuma til Levon Helm er skriven av andre.[10] Striden starta i 1980-åra då det meste av honorara for låtskrivinga gjekk til Robertson aleine, medan dei andre var avhengig av turneverksemd for å få inntekter. Dette hadde ikkje vore ei sak i 60- og 70-åra, då mange av songane til Band, hovudsakleg tilskriven Robertson aleine, vart spelte av mange andre artistar, som Smith si utgåve av «The Weight» for filmmusikken til Easy Rider og Joan Baez si utgåve av «The Night They Drove Old Dixie Down» i 1971.

Produsenten John Simon er omtalt[11] som det «sjette medlemmet» i the Band for å ha produsert og spelt på Music from Big Pink, medprodusert og spelt på The Band, og for å ha spelt på fleire av songane deira fram til gjenforeiningsalbumet deira Jericho i 1993.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år: The Hawks[endre | endre wikiteksten]

Medlemmene av The Band kom gradvis saman som ein del av den Toronto-baserte gruppa til rockabillyartisten Ronnie Hawkins, The Hawks: Helm, eit originalt Hawk-medlem som reiste med Hawkins frå Arkansas til Ontario, så Robertson, Danko, Manuel og til slutt Hudson. Hawkins var populær i og rundt Toronto og han hadde ein effektiv måte å fjerne dei musikalske konkurrentane sine. Når eit lovande band dukka opp, hyrte Hawkins dei beste musikarane frå banda til si eiga gruppe. Både Robertson, Danko og Manuel kom inn i bandet på denne måten.

Dei fleste av medlemmene var villige til å bli med i bandet til Hawkins, men det var langt verre å få med Hudson. Han han hadde fått ein universitetsgrad og planla ei karriere som musikklærar og var berre interessert i å spele rock som ein hobby. The Hawks likte særs godt den ville, fulle orgelstilen hans, og bad han ofte inntrengande om å verte med. Hudson gav seg til slutt, så lenge Hawks-medlemmene kvar betalte han $10 per veke for å vere instruktøren deira. Alle teoretiske musikkspørsmål vart retta til Hudson. Hudson fekk litt ekstra inntekter og klarte samstundes å overtale familien om at utdanninga hans ikkje var bortkasta. Piano-orgel-kombinasjonen var uvanleg i rockemusikk, og med den aggressive spelestilen førte Hudson med seg eit nytt musikalsk aspekt.

Det finst eit syn om at jazz er «vondt» fordi det kjem frå vonde folk, men i røynda var dei største prestane på 52nd Street, og i gatene i New York City musikarar. Dei gjorde den beste lækjande jobben. Og dei visste kva musikk som ville lækje og gjere folk godt.
—Garth Hudson, The Last Waltz

Med Hawkins spelte dei inn eit par singlar og vart kjende som den beste rockegruppa i det blømande musikkmiljøet i Toronto. Hawkins hadde ofte lange øvingar, etterfølgd av lange show på klubbane, noko som førte til at dei unge musikarane raskt utvikla seg teknisk på instrumenta sine.

I 1964 hadde gruppa slutta å spele for Hawkins på grunn av personlege skilnader. Dei var trøytte av å spele dei same songane om att og om att og ønskte å spele sin eigne songar, og dei var trøytte over den noko diktatoriske leiarestilen til Hawkins. Han gav mellom anna the Hawks bøter om dei tok med seg kjærastane sine til klubbane, og frykta at dette ville føre til at færre ledige jenter ville komme til konsertane, eller om dei røykte marihuana. Alkohol og piller vart akseptert, men Canada hadde harde straffar for marihuana.

Robertson sa seinare «Til slutt hadde Hawkins bygd oss opp til eit punkt der vi overgjekk musikken hans og måtte forlate han. Han skaut eigentleg seg sjølv i foten, velsigne han, ved å spisse oss til eit så framragande band at vi berre måtte ut i verda, fordi vi visste at visjonen hans berre var for han sjølv, og vi var alle yngre og musikalsk meir ambisiøse.»[12]

Dei spelte inn singlar og turnerte mykje, vanlegvis under namnet Levon and the Hawks, men fann lite suksess, delvis fordi dei utan Hawkins mangla ein skikkeleg frontmann.

I 1965 møtte Levon og bandet bluessongaren og munnspelaren Sonny Boy Williamson. Dei ønskte å spele inn plate i lag med han, og tilbaud seg å vere bandet hans, men Williamson døydde kort tid etter møtet.

Med Bob Dylan[endre | endre wikiteksten]

Seint på sommaren 1965 såg Bob Dylan seg om etter eit band som kunne spele med han på den første «elektriske» turneen hans i USA. Levon and the Hawks vart anbefalt av bluessongaren John Hammond, som tidlegare på året hadde nytta Helm, Hudson og Robertson på albumet So Many Roads.[13][14] Samstundes arbeidde ein av venene deira frå Toronto som sekretær for manageren til Dylan, Albert Grossman. Rådet hennar til Dylan var: «Du få sett desse karane».[15]

Etter å ha høyrt bandet spele og eit møte med Robertson, inviterte Dylan Helm og Robertson med seg i bandet. Etter to konsertar for Dylan, fortalte Helm og Robertson at dei ville vere lojale mot bandkameratane, og sa at dei berre ville halde fram å spele med han om han hyrte heile the Hawks. Dylan godtok dette og inviterte Levon and the Hawks med seg på turne. Gruppa ønskte dette, sidan dei visste at dei ville syne seg fram for eit langt større publikum, men frykta samstundes at musikken deira var for forskjellig frå hans. Dei rekna seg sjølv som eit tett rock- og rhythm and blues-band og visste at Dylan tidlegare hovudsakleg hadde spelt akustisk folkemusikk og protestsongar. I tillegg hadde dei lite peiling på kor populær Dylan hadde vorte internasjonalt.[16]

Med Dylan spelte dei fleire ville konsertar frå september 1965 til mai 1966 og markerte den siste overgangen til Dylan frå folkemusikk til rock. Turneane, som er av dei mest omtalte i rockehistoria, var visstnok òg prega av den heftige metamfetaminmisbruken til Dylan, og somme i the Hawks deltok i denne framferda.[17] Dei fleste konsertane vart møtt av plagsame folkemusikktilhengjarar, som ikkje likte den nye musikalske retninga til Dylan. Helm vart så påverka av den negative mottakinga at han forlet turneen etter tre månader og vart ikkje med bandet vidare verken i 1965 eller på verdsturneen i 1966.[18] Helm arbeidde denne tida som oljearbeidar i Mexicogolfen.

Under og mellom turneane prøvde Dylan og the Hawks fleire gonger å spele inn musikk i studio, men utan dei heilt store resultata. Innspelingar i oktober og november førte til ein brukande singel, «Can You Please Crawl Out Your Window», og to innspelingsdagar i januar 1966 som var meint for det neste albumet til Dylan, Blonde on Blonde, kunne heller ikkje nyttast.[19] Då dei flytta frå studioet til Columbia i New York til Nashville, hadde Robertson erstatta Mike Bloomfield som hovudgitaristen til Dylan. Dei andre medlemmene i the Hawks vart ikkje inviterte til Nashville, sjølv om Danko er tilskriven på bass og Hudson på klaverinstrument og saksofon på Blonde on Blonde.[20]

Med Mickey Jones på trommer (erstatta Sandy Konikoff, som hadde teke over då Levon Helm drog), spelte Dylan and the Hawks i Free Trade Hall i Manchester i England, i mai 1966. Konserten vart legendarisk då ein fyr i publikum mot slutten av det elektriske settet til Dylan ropar «Judas!». Etter ein liten pause svarar Dylan, «I don't believe you. You're a liar!» («eg trur ikkje på deg. Du er ein løgnar!») Han snudde seg så mot the Hawks og sa «Play it fucking loud!», før dei la ut på ein syrleg versjon av «Like a Rolling Stone».[21]

Manchester-konserten sirkulerte lenge på piratopptak (og ofte omtalt som ein konsert i Royal Albert Hall). Innspelinga av konserten vart ein av dei mest kjende i heile karrieren til Dylan. I ei melding i 1971 i magasinet Creem stod det «Reaksjonen min er at det var ei krystallisering av alt som er rock'n'roll, på sitt beste, det fekk kjeven min til å falle, kroppen min til å røre seg, å sprette opp av stolen ... Det er ei oppleving ein berre må dele, å spele om att og om att for dei som ein veit tørstar etter slike gleder. Om eg snakkar om ein nesten ærverdig måte om denne musikken, er det ikkje fordi eg har mista perspektivet, men nettopp fordi eg har funne det, i musikken, ja, som vart laga fem år sidan. Men han er der og ikkje mogeleg å oversjå»[22] Då konserten omsider kom ut offisielt i 1998, erklærte kritikaren Richie Unterberger at plata var «eit viktig dokument i rockehistoria»[23]

Den 29. juli 1966, under ein pause i turneane, vart Dylan hardt skadd i ei motorsykkelulukke, og trekte seg tilbake i delvis isolasjon i Woodstock i New York.[24] Ein periode spelte the Hawks på barar og vegkroer, og stundom for andre songarar, (mellom anna ei kort stund for Tiny Tim). Dylan inviterte the Hawks heim til seg i Woodstock, der dei spelte inn ei rekkje demoinnspelingar som seinare vart gjeven ut som The Basement Tapes.

Music from Big Pink og The Band[endre | endre wikiteksten]

«Big Pink» i 2006

I lag med Helm starta the Hawks å skrive sine eigne songar i eit stort rosa hus dei leigde, som dei kalla «Big Pink», i West Saugerties (nær Woodstock). Då dei gjekk i studio hadde dei enno ikkje eit skikkeleg namn på bandet. Soga varierer om korleis dei til slutt kom fram til «The Band». I The Last Waltz hevdar Manuel at dei ønskte å kalle seg anten «The Honkies» eller «The Crackers», men plateselskapet godtok ikkje dette. Robertson sa så at då dei spelte med Dylan så kalla alle dei berre for «bandet» eller «the band», og dette vart hengande ved. I starten mislikte dei namnet, men etter kvart byrja dei å like det, og syns det var både audmjukt og dumdristig. Rolling Stone kalla dei «The band from Big Pink».[25]

Det første albumet deira, Music from Big Pink (1968), fekk særs god kritikk. Albumet inneheldt tre songar skriven i lag med Dylan («This Wheel's on Fire», «Tears of Rage» og «I Shall Be Released») samt «The Weight», som vart nytta i filmen Easy Rider og som truleg er den mest kjende songen deira. Sjølv om det utan tvil var ein kontinuitet i musikken, lente dei seg i fleire retningar. Dei var aldri eit «psykedelisk» band, men den første plata deira inneheldt minst ein song («Chest Fever») som syner likskapar med sjangeren. I motsetnad til gitarstilen sin med Dylan, nytta Robertson ein meir dempa, riff-driven stil.

Etter suksessen med Big Pink la bandet ut på turne og spelte mellom anna på Woodstockfestivalen (som ikkje er med på den kjende Woodstock-filmen på grunn av juridiske flokar) og ein konsert med Dylan på Isle of Wight-festivalen i Storbritannia i 1969 (fleire av songane frå denne konserten vart sidan gjeven ut på Dylan sitt Self Portrait). Same året reiste dei til Los Angeles for å spele inn oppfølgjaren The Band (1969). Med den medvitne landlege utsjånaden på plateomslaget, til songane og arrangementet på låtane, stod albumet i kontrast til anna populær musikk på denne tida. Ein bør merke seg at fleire andre artistar, som Dylan på John Wesley Harding og The ByrdsSweetheart of the Rodeo, hadde gjort liknande stilmessige grep. The Band inneheld songar som framkalla det gamle, landlege Amerika, frå borgarkrigen i «The Night They Drove Old Dixie Down» til organiseringa av bønder «King Harvest (Has Surely Come)».

Desse to første albuma vart produserte av John Simon, som i praksis var eit gruppemedlem. Han hjelpte til med arrangementa, og spelte stundom instrument (piano eller tuba). Simon har fortalt at han ofte vert spurt om korleis dei kom fram til dei særeigne blåseseksjonane og sa at utanom Hudson (som var ein dyktig saksofonist), så var ikkje dei andre på langt nær så flinke, så dei måtte vere kreative for å utnytte den avgrensa teknikken deira.

Rolling Stone hylla The Band på denne tida, og gav dei kanskje meir merksemd enn noko anna band. Artiklane til Greil Marcus har særleg medverka til mystikken kring the Band. The Band var òg på framsida av Time Magazine den 12. januar 1970.[26]

The Band vart ein kritisk og kommersiell triumf og i lag med musikk frå The Byrds og The Flying Burrito Brothers, grunnla dei den nye musikksjangeren countryrock, som seinare vart teken til nye kommersielle nivå av artistar som Eagles. Både Big Pink og The Band påverka òg andre artistar på denne tida, og både Eric Clapton og George Harrison har sagt at The Band hadde stor innverknad på den musikalske retninga deira seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra. Clapton skal til og med ha hatt eit ønske om å bli med i gruppa.[27]

Stage Fright, Cahoots og Northern Lights - Southern Cross[endre | endre wikiteksten]

The Band i Hamburg, mai 1971. Venstre til høgre: Manuel, Danko, Robertson og Helm. Foto: Heinrich Klaffs.

Etter det andre albumet deira la the Band ut på den første store turneen sin. Angsten og problema som berømmelsen deira førte med seg gjorde at songane deira etter kvart omhandla mørkare tema som frykt og framandgjering og det neste albumet deira fekk namnet Stage Fright (1970) («scenefrykt»). På albumet var musikaren, lydteknikaren og produsenten Todd Rundgren lydteknikar og det vart spelt inn på ein scene i Woodstock i New York. Bandet starta no å vise teikn til indre stridar. Som på dei førre albuma var det Robertson som var hovudlåtskrivaren, men den kjende vokalstilen til dei tre solosongarane i bandet var mindre framtredande på dette albumet.

Etter Stage Fright deltok the Band i Festival Express, ein stor konsertturne i Canada med fleire stjerneartistar som Janis Joplin og Grateful Dead. I dokumentarfilmen frå turneen som kom ut i 2003, kan ein sjå ein full Danko som spelar i lag med Jerry Garcia, Bob Weir og Joplin på «Ain't No More Cane».

På denne tida tok Robertson større kontroll over the Band. Dette var fleire i bandet, og særleg Helm, motvillig til. Helm skulda Robertson for å vere autoritær og grådig, medan Robertson på si side hevda at han måtte ta kontrollen fordi andre medlemmer i bandet hadde vorte meir upålitelege. Han meiner mellom anna at han prøvde å overtale Manuel til å skrive eller vere med å skrive fleire songar, men at Manuel bukka under for narkotikamisbruket sitt.

Danko, Helm og Manuel i Hamburg, 1971. Foto: Heinrich Klaffs.

Trass i dei aukande problema mellom musikarane, spelte the Band inn det neste albumet sitt, Cahoots (1971). Cahoots inneheld songar som Bob Dylan sin «When I Paint My Masterpiece», «4% Pantomime» (med Van Morrison) og «Life Is A Carnival med blåsearrangement frå Allen Toussaint. Medverknaden til Toussaint var eit viktig tillegg for det neste prosjektet til the Band.

Eit av dei meir kjende av dei seinare albuma deira er konsertplata Rock of Ages (1972), spelt inn på nyårsaftan 1971/1972 med ei blåserekkje på scenen. Blåsearrangementet vart igjen skriven av Allen Toussaint. Bob Dylan kom med på scenen for dei fire siste songane, mellom anna ein versjon av «When I Paint My Masterpiece».

I 1973 gav The Band ut Moondog Matinee, eit album med berre coversongar. Det vart ikkje halde turne etter albumet, og det fekk berre blanda kritikk. Dei spelte som oppvarming for Grateful Dead for to konsertar denne sommaren ved Roosevelt Stadium i Jersey City i New Jersey. Dei spelte òg på den legendariske Summer Jam at Watkins Glen. Denne massive konserten fann stad på Grand Prix Raceway utanfor Watkins Glen i New York den 28. juli 1973. Over 600 000 menneske deltok på festivalen, der både Grateful Dead og The Allman Brothers Band spelte.

Helm med The Band, på Santa Cruz Civic Auditorium 1976 Foto: David Gans

The Band slo seg så saman med Dylan att og spelte først inn albumet Planet Waves i lag med han. Det kom ut i januar 1974, før dei la ut på turne i lag med 40 konsertar i Nord-Amerika i januar og februar 1974. Seinare på året kom konsertalbumet Before the Flood ut med musikk frå denne turneen.

I 1975 gav The Band ut Northern Lights - Southern Cross, det første albumet deira med nye songar sidan Cahoots i 1971. Alle åtte songar var skrivne av Robertson. Trass i dårleg sal fekk albumet god kritikk. Levon Helm set dette albumet høgt i boka si This Wheel's on Fire: «Det var det beste albumet vi hadde gjort sidan The Band.» Høgdepunkt frå albumet er mellom anna «Ophelia» og «It Makes no Difference», begge framført på konserten i The Last Waltz. Ein annan kjend song frå albumet er den episke soga «Acadian Driftwood». Hudson eksperimenterer meir på dette albumet med synthesizerar, som på «Jupiter Hollow».

The Last Waltz[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Last Waltz.
The Band med gjester på The Last Waltz-konserten

I 1976 var Robbie Robertson trøytt av turnelivet. Etter at bandet måtte avlyse nokre konsertar då Richard Manuel fekk ein alvorleg nakkeskade etter ei båtulukke i i Texas, ønskte Robertson at The Band skulle trekkje seg frå turnelivet og avslutte med ein massiv konsert den 25. november 1976 i Winterland Ballroom i San Francisco i California.[28] Med seg på konserten hadde dei ei blåserekkje med arrangement av Allen Toussaint og mange gjesteartistar, som Joni Mitchell og Neil Young. To av gjestene var viktige for at The Band i det heile eksisterte og vart kjende: Ronnie Hawkins og Bob Dylan. Av andre gjester finn ein Muddy Waters, Dr. John, Van Morrison, Ringo Starr, Eric Clapton, Ronnie Wood, Paul Butterfield og Neil Diamond.

Konserten vart filma og regissert av Martin Scorsese. Konsertopptaka og intervju med bandmedlemmane og vener vart kombinert med framføringar med countrysongaren Emmylou Harris («Evangeline») og gospel-soul-gruppa The Staple Singers («The Weight»). Konsert/dokumentarfilmen kom ut i 1978 og det vart gjeven ut eit trippelalbum med filmmusikken.

Etter the Waltz[endre | endre wikiteksten]

På grunn av kontraktkrav måtte The Band gje ut eit album til etter å ha spelt inn the Last Waltz, sjølv om det kom ut før Last Waltz-filmen og filmmusikkalbumet. Islands var det siste albumet til The Band med den klassiske besetninga og bestod av ei blanding av originale songar og coverversjonar.

Gjenforeiningar[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart The Band gjenforeint og starta å turnere, men det var utan Robertson. Fleire forskjellige musikarar vart nytta som erstatning for Robertson og for å fylle ut gruppa. Det gjenforeinte Band vart generelt godt motteke, men spelte ofte på mindre konsertstader enn då dei var på sitt mest populære.

Medan The Band var på turne tok Manuel sjølvmord den 4. mars 1986 på motellrommet sitt i Florida. Det kom seinare fram at han hadde lidd av kronisk alkoholisme i mange år. I følgje sjølvbiografien til Levon Helm konsumerte Manuel mot det siste heile åtte flasker med Grand Marnier per dag.

Bandet spelte på konserten til det tidlegare Pink Floyd-medlemmet Roger Waters, The Wall Live i Berlin i 1990, og på Bob Dylan's 30th anniversary concert i New York City i oktober 1992. Gruppa var oppvarming på den siste Grateful Dead-konserten i Soldier Field, i Chicago i Illinois i juli 1995.

Richard Manuel vart først erstatta som pianist av den gamle venen Stan Szelest (som døydde kort tid etter), så av Richard Bell. Bell spelte med Ronnie Hawkins etter å ha forlete det originale Hawks, og var mest kjend som medlem av Janis Joplin-bandet Full Tilt Boogie Band. Bandet spelte inn albumet Jericho i 1993 der mange av songane vart skrivne av folk utanfor gruppa. Seinare følgde albuma High on the Hog og Jubilation, sistnemnde med Eric Clapton og John Hiatt som gjester.

I 1989 vart The Band innelemma i Canadian Music Hall of Fame og fleire av dei eldre bandmedlemmane vart gjenforeinte. Same året vann Robbie Robertson tre Juno-prisar for det sjølvkalla albumet sitt.

I 1994 spelte Robertson med Danko og Hudson som The Band for andre gong etter at den originale besetninga vart oppløyst. Dette skjedde då The Band vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Helm, som hadde krangla med Robertson i årevis med skuldingar om stolne songar, møtte ikkje opp.[29]

Den 10. desember 1999 sovna Rick Danko stille inn, 56 år gammal. Han hadde misbrukt narkotika i årevis. I 1997 vart han funnen skuldig i å ha prøvd å smugle heroin til Japan. Det vart ikkje funnen teikn til narkotika i kroppen då han døydde. Etter at Danko døydde vart The Band oppløyst for godt.

I 2008 vann The Band Grammyprisen sin ærespris, men det var ingen gjenforeining av dei gjenlevande medlemmane.[30]

Personell[endre | endre wikiteksten]

1967–1976
1976–1983

Bandet oppløsyt

1983–1985

med

  • Earl Cate  – gitar
  • Ron Eoff – bass
  • Terry Cagle – trommer
  • Earnie Cate – klaverinstrument
1985–1986
1986–1989
1989–1990
1990–1991
1991–1992
1992–1999

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

The Band har hatt påverknad på mange band, låtskrivarar og artistar, frå Grateful Dead og The Beatles til Eric Clapton og Crosby, Stills, Nash & Young.[31] Albumet Music from Big Pink medverka i særleg grad til at Clapton forlet supergruppa Cream. I introduksjonen av The Band under Bob Dylan sin 30-års jubileumskonsert, annonserte han at då han i 1968 høyrte albumet, så «endra det livet mitt». Gitaristen Richard Thompson har sagt at albumet hadde stor innverknad på Fairport Convention sitt Liege and Lief, og journalist John Harris har foreslått at debutplata til The Band påverka den meir grunnleggande stilen på The Beatles sitt Let It Be, samt The Rolling Stones sine meir roots-påverka album som starta med Beggars Banquet.[32] Samstundes har Big Pink-songen «The Weight» vorte spelt av mange andre artistar og i mange forskjellige stilartar.

I 1990-åra vart ein ny generasjon band påverka av The Band, som Counting Crows og The Black Crowes. Counting Crows indikerte dette med ein hyllest til den avdøde Richard Manuel, «If I Could Give All My Love (Richard Manuel Is Dead)» på albumet Hard Candy. Black Crowes spelte ofte Band-songar på konsertane sine, som «The Night They Drove Ol' Dixie Down», som finst på DVDen Freak 'n' Roll into the Fog.[33]

I 2004 gav southern rock-bandet Drive-By Truckers ut songen «Danko/Manuel» på albumet The Dirty South.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gray, 33 og 37
  2. Heylin, Clinton (2003). Behind the Shades Revisited. New York: HarperCollins. ss. 223–260. ISBN 0-06-052569-X. 
  3. Hoskyns, Barney (1993). Across the Great Divide - The Band and America. Hyperion. ss. 144–5. ISBN 1562828363. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/11028260/the_rs_500_greatest_songs_of_all_time/1. 
  5. «Canadian Music Hall of Fame: Past Inductees». Canadian Academy of Recording Arts And Sciences (CARAS). http://www.junoawards.ca/vhof/index.php. Henta 22. januar 2011. 
  6. «Inductee List». Rock and Roll Hall of Fame. http://www.rockhall.com/inductees/inductee-list/. Henta 22. januar 2011. 
  7. Williams, Lucinda (15. april 2004). «The Immortals - The Greatest Artists of All Time: 50) The Band». Issue 946. Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/5939240/the_immortals__the_greatest_artists_of_all_time_50_the_band. Henta 22. januar 2011. 
  8. «Lifetime Achievement Award». Grammy.com. http://www.grammy.com/Recording_Academy/Awards/Lifetime_Awards/. Henta 22. januar 2011. 
  9. Chicago Tribune, Apr. 7, 2002
  10. "Letters", Los Angeles Times, Feb. 17, 2008
  11. Barney Hoskyns - Across the Great Divide: The Band and America
  12. «Andy Gill: Back To The Land». Theband.hiof.no. http://theband.hiof.no/articles/back_to_the_land.html. Henta 22. januar 2011. 
  13. Heylin, 173-174
  14. Gray, 292-293
  15. Hoskyns, 85-86
  16. Hoskyns, 94-97
  17. Hoskyns, 104
  18. Gray, 33
  19. Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited. New York, NY: HarperCollins Publishers, Inc.. ss. 237–243. ISBN 0-06-052569-X. 
  20. Sounes, Howard (2001). Down the Highway: The Life of Bob Dylan. New York: Grove Press. ss. 200–207. ISBN 0-0821-1686-8. 
  21. Sounes, 213-215
  22. «Review of Dylan/Hawks, 1966». Theband.hiof.no. 1971-06-03. http://theband.hiof.no/articles/creem_3_71.html. Henta 22. januar 2011. 
  23. Unterberger, Richie (1966-05-17). «The Bootleg Series, Vol. 4: The "Royal Albert Hall" Concert > Overview». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r377686. Henta 22. januar 2011. 
  24. Sounes, 216-218
  25. «Big Pink Band To Tour U.S.», Rolling Stone (30): 9, April 5, 1969. .
  26. TIME Magazine Cover: The Band - Jan. 12, 1970 - Rock - Singers - Music, Time.com, 1970-01-12, http://www.time.com/time/covers/0,16641,19700112,00.html, henta 22. januar 2011 
  27. «Eric Clapton - Derek and The Dominos - Layla & Other Assorted... - Review - Uncut.co.uk». Uncut.co.uk. http://www.uncut.co.uk/music/eric_clapton/reviews/8542. Henta 22. januar 2011. 
  28. Fricke, David, November 2001. The Last Waltz 2002 CD s. 17.
  29. Induction into Rock HoF
  30. http://www2.grammy.com/Recording_Academy/Awards/Lifetime_Awards/
  31. Gray, 36-37
  32. Harris, John (2007-08-03). «There was a manic feeling in the air». The Guardian. http://www.guardian.co.uk/music/2007/aug/03/folk. Henta 22. januar 2011. 
  33. «Soundtracks for The Black Crowes: Freak 'N' Roll... Into the Fog». The Internet Movie Database. http://www.imdb.com/title/tt0496245/soundtrack. Henta 22. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]