The Band av The Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Band
Studioalbum av The Band
Språk engelsk
Utgjeve 22. september 1969
Innspelt late 1968/1969
Studio Pool House, 8850 Evanview Drive, Los Angeles, CA[1]
Sjanger
Lengd 43:50
Selskap Capitol
Produsent John Simon
The Band-kronologi 
Music from Big Pink
(1968)
The Band Stage Fright
(1970)


Singlar frå The Band
  1. «Up on Cripple Creek/The Night They Drove Old Dixie Down»
    Utgjeve: 29. november 1969
  2. «Rag Mama Rag/The Unfaithful Servant»
    Utgjeve: 1970

The Band er det andre studioalbumet til The Band, utgjeve 22. september 1969. Det vert òg kalla The Brown Album. I følgje notata til Rob Bowman i plateomslaget til utgåva frå 2000, er The Band blitt rekna som eit konseptalbum med songar som fokuserer på folk, stader og tradisjonar frå ei eldre tid i Amerika.[2] Albumet er basert på historiske tema på songar som «The Night They Drove Old Dixie Down», «King Harvest (Has Surely Come)» og «Jawbone».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter eit mislukka forsøk på ei innspeling i New York, sette The Band opp utstyr i eit bassenghus i ein heim gruppa leigde i Hollywood Hills. Det låg i 8850 Evanview Drive i Los Angeles, og var ein gong eigd av Judy Garland, Wally Cox og, då gruppa arbeidde der, av Sammy Davis jr.[1] I følgje Robbie Robertson vart staden vald ut for å gje songane ei Basement Tapes–aktig kjensle.[3] Tre songar som utgjorde resten av albumet (frå «Up on Cripple Creek» til «Jemima Surrender») vart ikkje spelt inn i dette studioet, men i New York City.

I følgje medprodusenten John Simon, tok Robbie Robertson over det meste av jobben som lydteknikar på plata, «han ønskte å lære, og eg synte han korleis ein lagar eit album frå eit teknisk synspunkt.»[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom opphavleg ut på LP den 22. september 1969. I 1980 kom ei billigutgåve ut på vinyl i «Capitol 16000-serien» der «When You Awake» og «King Harvest (Has Surely Come)» ikkje var med på albumet.

Etter fleire nyutgjevingar på vinyl, kassett og CD, vart albumet ommastra og gjeve ut med bonusspor i 2000 i ein prosess som vart styrt av Robbie Robertson.

Albuemt kom ut på ny i 2009 på Audio Fidelity som ei avgrensa utgåve på gull-CD. Denne utgåva inneheld singel-B-sida «Get Up Jake» som bonusspor. «Get Up Jake», som kom ut på 2000-utgåva, skulle opphavleg ha vore med på originalalbumet, men vart fjerna i siste augneblink, anten fordi bandet meinte han var for lik eit anna spor på albumet, eller fordi det ikkje var fysisk plass på albumet.[5][6] Ein omarbeidd versjon av «Get Up Jake» vart seinare spelt på mange av konsertane deira tidleg i 1970-åra og kom ut på konsertalbumet Rock of Ages.

I 2019 kom det ut ei 50-årsjubileumsutgåve med ein heilt ny stereomiks av Bob Clearmountain, mastra av Bob Ludwig, i tillegg til fleire unytta opptak og heile konserten som The Band spelte på Woodstockfestivalen.

Den originale baksida av plateomslaget siterer opningslinja frå Shelton Brooks-songen «Darktown Strutters' Ball» frå 1917.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[7]
DownBeat4/5 stars[8]
Entertainment WeeklyA[9]
MusicHound5/5[10]
Pitchfork10/10[11]
Q5/5 stars[12]
The Village VoiceA+[13]
Rolling Stone5/5 stars[14]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[15]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[16]

Albumet inneheld somme av dei mest kjende og kritikarroste The Band-songane, som «The Night They Drove Old Dixie Down», som av Rolling Stone er kåra til den 249. beste songen gjennom tidene på lista deira over dei 500 beste songane.[17] I 2003 vart albumet rangert på 45. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, ein plass det òg hadde på den reviderte lista frå 2012.[18] I 1998 kåra lesarane av magasinet Q albumet The Band til det 76. beste albumet gjennom tidene. Time hadde albumet med på ei urangert liste i 2006 over dei 100 beste albuma gjennom tidene. Robert Christgau, som var skuffa over debutplata til The Band, hadde venta å mislike albumet og hadde planlagt ei spalte i Village Voice der han skulle «slakte» oppfølgjaren. Då han høyrde plata meinte han det var betre enn Abbey Road av The Beatles, som hadde kome ut fire dagar før, og skreiv at plata til The Band var «den mest klåre A-pluss-plata eg nokon gong har vurdert.»[13] Han rangerte det som det fjerde beste albumet dette året i avstemminga han arrangerte blant kritikarar for magasinet Jazz & Pop.[19] Albumert vart seinare inkludert i hans «Basic Record Library» for 1950- og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981).[20] Albumet vart stemt fram til 45. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[21]

The Band nådde niandeplassen på Billboard Pop Albums-lista. I 2000 nådde det tiandeplassen på Billboard Internet Albums-lista. Singlane «Rag Mama Rag» og «Up on Cripple Creek» nådde høvesvis 57. og 25. plassen på popsingellista i USA. «Rag Mama Rag» gjorde det betre i Storbritannia, der han nådde 16. plassen.[22]

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1970 Pop Albums 9
2000 Top Internet Albums 10

Singlar - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1970 «Rag Mama Rag» Pop Singles 57
1970 «Up on Cripple Creek» Pop Singles 25

I 2009 vart albumet bevart i National Recording Registry fordi det vart rekna som «kulturelt, historisk, eller estetisk viktig, og/eller informerer eller reflekterer livet i USA.» Albumet vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[23]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor skrivne av Robbie Robertson utanom der andre er nemnde.

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Across the Great Divide» Manuel2:53
2.«Rag Mama Rag» Helm3:04
3.«The Night They Drove Old Dixie Down» Helm3:33
4.«When You Awake»
Danko3:13
5.«Up on Cripple Creek» Helm4:34
6.«Whispering Pines»
  • Robertson
  • Manuel
Manuel3:58

Side to[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Jemima Surrender»
Helm3:31
2.«Rockin' Chair» Manuel3:43
3.«Look Out Cleveland» Danko3:09
4.«Jawbone»
  • Robertson
  • Manuel
Manuel4:20
5.«The Unfaithful Servant» Danko4:17
6.«King Harvest (Has Surely Come)» Manuel3:39
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
13.«Get Up Jake» (Unytta opptak) Helm and Danko2:17
14.«Rag Mama Rag» (alternativt vokalspor, uferdig miks) Helm3:05
15.«The Night They Drove Old Dixie Down» (alternativ miks) Helm4:16
16.«Up on Cripple Creek» (alternativt opptak) Helm4:51
17.«Whispering Pines»
  • Robertson
  • Manuel
Manuel5:09
18.«Jemima Surrender» (alternativt opptak)
  • Robertson
  • Helm
Helm3:49
19.«King Harvest (Has Surely Come)» (alternativt opptak) Manuel and Helm4:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Band

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «CLASSIC TRACKS: The Band 'The Night They Drove Old Dixie Down'». Soundonsound.com. 11. august 1941. Henta 13. september 2020. 
  2. Bowman, Rob. (liner notes) The Band, (remastered edition), 2000
  3. Jackson, Blair (1. oktober 2002). «Classic Tracks: The Band's «The Night They Drove Old Dixie Down»». Mixonline.com. Henta 13. september 2020. 
  4. Bowman, p. 3-4
  5. Bowman, Rob. (liner notes) Capitol expanded edition of «The Band», 2000
  6. John Simon, quoted in This Wheel's on Fire: Levon Helm and the Story of the Band, p. 195
  7. William Ruhlmann (22. september 1969). «The Band - The Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 13. september 2020. 
  8. «The Band: The Band». DownBeat: 66. October 2001. 
  9. Scherman, Tony (1. september 2000). «Music Review: 'The Band'». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 17. april 2019. Henta 13. september 2020. 
  10. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 72. ISBN 1-57859-061-2. 
  11. «The Band: The Band Album Review». Henta 13. september 2020. 
  12. Bauldie, John (April 1996). «The Band: The Band». Q: 120. 
  13. 13,0 13,1 «In Memory of the Dave Clark Five». The Village Voice. 1969. Henta 13. september 2020. 
  14. «The Band: The Band». Rolling Stone: 61. 3. februar 2000. 
  15. Brackett, Nathan, with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Fireside. p. 42. ISBN 0-7432-0169-8.
  16. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  17. Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time (2010)
  18. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 12. september 2020. 
  19. Christgau, Robert (1969). «Robert Christgau's 1969 Jazz & Pop Ballot». Jazz & Pop. Henta 13. september 2020. 
  20. Christgau, Robert (1981). «A Basic Record Library: The Fifties and Sixties». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0899190251. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  21. Colin Larkin (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 56. ISBN 0-7535-0493-6. 
  22. «Band». Official Charts Company. Henta 13. september 2020. 
  23. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5.