The Bangles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Bangles
TheBanglesLiveinSydney2010.jpg
The Bangles opptrer i Sydney i 2010.
Sjanger Pop, Rock
Aktive år 1981 - 1989, 1999 -
Plateselskap I.R.S. Records, Columbia Records, Koch Records
Nettstad www.thebangles.com
Medlemmer
Susanna Hoffs
Debbi Peterson
Vicki Peterson
Tidlegare medlemmer
Anette Zilinskas
Michael Steele

The Bangles er ei US-amerikansk musikkgruppe som vart danna i Los Angeles i California i 1981. Gruppa var aktiv fram til 1990 og tok til att på ny i 2000. Musikken dei lagar vert rekna som rockeprega popmusikk.

Opphavleg bestod The Bangles av vokalisten og gitaristen Susanna Hoffs, systrene Debbi Peterson og Vicki Peterson, den første på trommer og den andre på gitar, og dessutan Annette Zilinskas på bassgitar. Zilinskas gjekk ut av gruppa i 1983 og vart erstatta av Michael Steele, som tidlegare hadde spela i gruppa 'The Runaways'.

The Bangles fekk størst merksemd i den siste halvdelen av 1980-talet, med låtar som Manic Monday (1986), skriven av Prince, som nådde andre plats på den US-amerikanske billboardlista og Walk Like an Egyptian. Gruppa hadde også suksess med ein versjon av Simon and Garfunkel-låten A Hazy Shade of Winter og i 1988 med den eigne Eternal Flame.

Etter eit opphald på ti år starta gruppa opp på ny i 2000. Sidan har The Bangles turnert og gitt ut to album.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • All Over the Place (1984)
  • Different Light (1986)
  • Everything (1988)
  • Doll Revolution (2003)
  • Sweetheart of the Sun (2011)