The Battle of Evermore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Battle of Evermore
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970 – mars 1971
Sjanger Folkrock, keltisk rock
Lengd 5:52
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«The Battle of Evermore» er ein folkrocksong av det engelske rockebandet Led Zeppelindet fjerde albumet deira, som kom ut i 1971. Instrumenta på songen består av akustiske gitarar og mandolin.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Melodien vart skriven av gitarist Jimmy Page i Headley Grange då han eksperimenterte med mandolinen til bassist John Paul Jones.[1][2] Som Page forklarte i 1977:

« «Battle of Evermore» vart laga der og då av Robert [Plant] og meg sjølv. Eg berre tok opp mandolinen til John Paul Jones, for eg hadde aldri spelt mandolin før, og skreiv akkordane og heile songen på ein kveld.[3]  »

Vokalist Robert Plant hadde nyleg lese om skotsk folkesegner og dette inspirerte han til å skrive teksten til songen.[1] Songen, som fleire andre av bandet, inneheld referansar til Ringenes herre av J. R. R. Tolkien. Plant følte han trengde ei anna stemme for å fortelje historia og for innspelinga vart visesongaren Sandy Denny invitert til å synge ein duett med Plant. Denny hadde tidlegare sunge i den britiske folkrockgruppa Fairport Convention, som Led Zeppelin hadde halde konsertar i lag med i 1970 på Bath Festival of Blues and Progressive Music. Plant spelte rolla som forteljar og Denny representerte utroparen. Page forklarte:

« Songen høyrest ut som ein gammal engelsk instrumental i starten. Så vert det ein vokal song og Robert gjorde sin bit. Til slutt fann me ut at me ville ta inn Sandy og gjere ei kall-og-svar-liknande sak.[3]  »

Som takk fekk Denny eit eige symbol på plateomslaget med tre pyramidar (dei fire medlemmane i Led Zeppelin hadde kvart sitt symbol på albumet). Dette er den einaste Led Zeppelin-songen med gjestevokal. I eit intervju i 1995 sa Plant:

« Det var stort for meg å synge med Sandy Denny. Me var alltid gode vener i den perioden med Fairport Convention. Richard Thompson er ein ypparleg gitarist. Sandy og eg var vener og det var nesten opplagt å bed om å synge på «The Battle of Evermore». Han leid under nativitet og barnslegheit - eg var berre 23 - men me vinn det att i samanhengen i stemmene og i spelinga.[4]  »

«The Battle of Evermore» vart framført på Led Zeppelin-konsertane i 1977. På desse framføringane song Jones vokalen til Denny med Plant og spelte akustiske gitar ,medan Page spela mandolin. Stundom song trommeslagar John Bonham vokalen til Denny i staden for Jones. Page and Plant spela òg inn ein versjon av songen i 1994 for albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Songaren Najma Akhtar song då Sandy Denny sin del.

Fairport Convention framførte «The Battle of Evermore» med Robert Plant og Kristina Donahue på Fairport's Cropredy Convention den 9. august 2008. Robert Plant og Alison Krauss spela ofte «The Battle Of Evermore» på turneen sin i USA og Europa våren og sommaren 2008.[5]

Alison Krauss og Robert Plant syng «The Battle of Evermore» i Denver i juni 2008

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Blender USA The 1001 Greatest Songs to Download Right Now![6] 2003 *
Q Storbritannia 150 Greatest Rock Lists Ever[7] 2004 4 (10)
Q Storbritannia 1010 Songs You Must Own![8] 2004 *

(*) usortert liste.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: Hampton String Quartet (HSQ Rides Again)
  • 2004: Benjamin Levine (Chamber Maid: The Baroque Tribute to Led Zeppelin)
  • 2005: The Fellowship (In Elven Lands) [NOT Jon Anderson!]
  • 2005: The Barbary Coast Guitar Duo (Suites for 2 Guitars)
  • 2005: Steve Bingham (Get the Led Out! Led Zeppelin Salute)
  • 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Dawn Humphrey (Enjoy the Dance)
  • 2006: Kiva (Out of the Corner of the Eye)
  • 2007: Smooth Citizen (Shadows of the Fading Light)
  • 2007: The Boys from County Nashville (Long Ago and Far Away: The Celtic Tribute to Led Zeppelin)
  • 2008: Jay and Abby Michaels (For a Moment: The Harper and the Minstrel)
  • 2008: Tom Kofler & Darryl St John (Visiting Zeppelin)

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led ZeppelinOmnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview, Modern Guitars, 25. mai 2007 (opphavleg frå juli 1977, i Guitar Player).
  3. 3,0 3,1 Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, oktober 1977.
  4. Nigel Williamson, "Good Times...Bad Times", Uncut, mai 2005, s. 57.
  5. Robert Plant and Alison Krauss at the Birmingham NIA
  6. «Standout Tracks from the 500 CDs You Must Own - 2003». Blender. http://www.acclaimedmusic.net/Current/S2588.htm. Henta 25. mars 2011. 
  7. «150 Greatest Rock Lists Ever: Book of Rock - July 2004». Q. http://www.rocklistmusic.co.uk/q150lists.htm. Henta 25. mars 2011. 
  8. «1010 Songs You Must Own! Q50 - #3: Duets - September 2004». Q. http://www.rocklistmusic.co.uk/q1010songs.htm. Henta 25. mars 2011.