The Beach Boys Today!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Beach Boys Today!
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 8. mars 1965
Innspelt Hovudinnspeling:
7.-19. januar 1965
Sporadisk:
8. og 22. juni,
5. & 8. august, 9. oktober og 16. desember 1964
Sjanger Rock, Surferock, Barokk pop, Sunshine pop
Lengd 28:54
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
The Beach Boys' Christmas album
(1964)
The Beach Boys Today! Summer Days (and Summer Nights!!)
(1965)

The Beach Boys Today! er det åttande studioalbumet til The Beach Boys og det første av tre album dei gav ut i 1965. Sjølv om få merka det då albumet kom ut, markerte The Beach Boys Today! eit stort vendepunkt for bandet, og særleg for det personlege livet til bandleiaren Brian Wilson.[1]

Etter Pet Sounds er albumet det mest kritikarroste albumet til the Beach Boys. Albumet inneheld originalutgåva av den klassiske hitten «Help Me, Rhonda».

I 1965 nådde The Beach Boys Today! (Capitol (D) T 2269) fjerdeplassen på den amerikanske albumlista og låg på lista i 50 veker.[2] Han nådde sjetteplassen i Storbritannia sommaren 1966.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1964 var eit særs travelt år for The Beach Boys og dei gav ut fire album på tolv månader, i tillegg til at dei spelte inn to av singalane som kom med på dette albumet, «When I Grow Up (To Be a Man)» og «Dance, Dance, Dance»[1] Som leiaren i bandet var Wilson både fysisk og psykisk utslitt, men den stadig aukande populariteten til the Beatles gjorde at Wilson strevde seg vidare for å halde følgje. 23. desember 1964 fekk Brian Wilson eit nervesamanbrot og forstod at han måtte kutte ned på noko. Han valde då å slutte å turnere med bandet.[4]

Det meste av The Beach Boys Today! vart spelt inn i januar 1965 og under desse innspelingane informerte han resten av bandet han ønskte å vere att i studio og skape musikk, medan resten av bandet la ut på turne og spelte for publikum.[1] Bandet godtok dette motvillig og etter ein kort periode med Glen Campbell som erstattar for Wilson, tok Bruce Johnston, ein musikar som tidlegare hadde spelt i lag med Terry Melcher i The Ripchords og ein stor tilhengjar av bandet, over rolla som bassisten i bandet i april 1965, samstundes med at The Beach Boys Today! gjekk inn på listene.[5] Mange reknar dette albumet som starten på den meir modne musikkstilen til Brian Wilson.

Albumet er kjend for at eine sida består av livlege songar og den andre av melankolske balladar.[5] På den første halvdelen vart «When I Grow Up (To Be a Man)», «Dance, Dance, Dance» og «Do You Wanna Dance?» alle hittar, og «Help Me, Ronda» vart omskrive, spelt inn på nytt og gjeve ut på ein singel som vart den andre førsteplassen på singellista for bandet i mai 1965.[6]. Den andre, rolegare sida, var ein indikasjon på kva retning Brian Wilson drog mot musikalsk. Balladane på den andre sida er mørkare og meir meiningsfulle enn dei tidlegare balladane bandet spelte inn, og vert rekna som ein forgjengar for Pet Sounds med strykarar, piano, meir perkusjon og volumeffektar.

Den musikalske endringa såg ikkje ut til å påverke platesalet og The Beach Boys Today! nådde fjerdeplassen på albumlista i USA og selde til gullplate. Året etter nådde plata sjetteplass i Storbritannia. I 2003 vart albumet rangert på 270. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Det har seinare kom for dagen at Brian Wilson starta å nytte marihuana i desember 1964 for avspenninga sin del, og då han oppdaga effekten dette hadde på måten han oppfatta musikk på, vart han ein fast brukar.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Do You Wanna Dance?» (Bobby Freeman) Dennis Wilson 2:19
2. «Good to My Baby»   Brian Wilson og Mike Love 2:16
3. «Don't Hurt My Little Sister»   Brian Wilson og Mike Love 2:07
4. «When I Grow Up (To Be a Man)»   Brian Wilson og Mike Love 2:01
5. «Help Me, Rhonda»   Al Jardine 3:08
6. «Dance, Dance, Dance» (Brian Wilson/Carl Wilson/Mike Love) Brian Wilson og Mike Love 1:59
Side to
# Tittel Solovokal Lengd
7. «Please Let Me Wonder»   Brian Wilson og Mike Love 2:45
8. «I'm So Young» (William H. Tyrus Jr.) Brian Wilson 2:30
9. «Kiss Me, Baby»   Brian Wilson og Mike Love, 2:09
10. «She Knows Me Too Well»   Brian Wilson 2:27
11. «In the Back of My Mind»   Dennis Wilson 2:07
12. «Bull Session with the "Big Daddy"» (Brian Wilson/Carl Wilson/Mike Love/Al Jardine) gruppeintervju 2:10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Leaf, David (1990).The Beach Boys Today!/Summer Days (and Summer Nights!!) (1990 CD-hefte)
  2. www.billboard.com[1]
  3. Brown, Tony (2000). "The Complete Book of the British Charts"
  4. White, Timothy (1994). «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience»
  5. 5,0 5,1 www.allmusic.com[2]
  6. Whitburn, Joel (2002). "Top Pop Singles 1955-2001"
  7. Wilson, Brian/Gold, Todd (1991). "Wouldn't It Be Nice - My Own Story"

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]