The Beatles av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Beatles
Studioalbum av The Beatles
The White Album.svg
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt Abbey Road Studios og Trident Studios
30. mai 1968 – 14. oktober 1968
Sjanger Rock
Lengd 93:35
Selskap Apple, Parlophone, EMI
Produsent George Martin
Kritikk
The Beatles-kronologi
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
(1967)
The Beatles Yellow Submarine
(1969)

The Beatles er det niande albumet til The Beatles, eit dobbeltalbum som kom ut i 1968. Det vert ofte berre kalla The White Album sidan det ikkje har noko tekst på framsida anna enn namnet på bandet (og på tidlege LP- og CD-utgåver, eit serienummer) på eit elles heilt kvitt omslag. Albumet var det første The Beatles gav ut etter at manageren deira Brian Epstein døydde. Det vart opphavleg kalla A Doll’s House, men tittelen vart endra etter at det britiske progressive bandet Family gav ut eit album tidlegare same året kalla Music in a Doll’s House.

I 1997 hamna The Beatles på 10. plass på ei liste over dei beste albuma gjennom tidenen laga av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 1998 stemnde lesarane av musikkmagasinet Q albumet på 17. plass på ei liknande liste, medan det i 2000 hamna på 7. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[2] I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 albumet på 11. plass over dei største albuma gjennom tidene.[3] I 2006 valde Time Magazine ut albumet som eit av dei hundre beste nokon gong.[4] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 10. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene i 2003.[5]

I følgje Recording Industry Association of America er The Beatles det mestseljande Beatles-albumet og det tiande mest selde albumet i USA nokon gong.

Byrjinga på slutten for The Beatles[endre | endre wikiteksten]

Oppfølgjaren til Magical Mystery Tour, albumet og den katastrofale filmen, var The Beatles (White Album) som markerte eit vendepunkt for bandet og vart tolka av nokre tilhengjarar til å vere byrjinga på slutten for The Beatles.

Med dette albumet starta kvart enkelt medlem i The Beatles å arbeide med å vise djupna og rekkevidda for sine individuelle talent i låtskriving. Musikken og stilen som vart spelt inn på dette albumet peikar direkte framover mot det som skulle verte kvar enkelt medlem sine solokarrierer. I staden for eit samla heile, er det doble albumet eit sprikande kaos av songar.

Saman med standardrockarar som opningsporet «Back in the USSR» (ofte tolka som ein parodi og samstundes ein hyllest til Beach Boys-songen «California Girls»); har albumet klassiske balladar som «I Will» og «Julia» (siste skrive av John Lennon, ein av dei få balladane hans, tileigna den avdøde mora hans); muntre og nesten tøvete songar som Paul McCartney sin «Rocky Raccoon» og «Ob-La-Di, Ob-La-Da»; og sosiale kommentarar som George Harrison sin «Piggies» og Lennon sin «Happiness is a Warm Gun». I tillegg finst den første komposisjonen til Ringo Starr, «Don’t Pass Me By».

Ein av songane på albumet er McCartney-songen «Helter Skelter», ein av dei aller første heavy metal-songane. «Helter Skelter» er eit fast uttrykk på engelsk og tyder «over hals og hovud». Dessverre har songen fått eit dystert ettermæle ved at Charles Manson og mordarbanden hans feiltolka songen til å tyde ei form for apokalypse og stimuli for massemord.

Songane[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste songane på albumet er personlege og refererer til interne forhold. Til dømes er songen «Dear Prudence» om syster skodespelarinna Mia Farrow, Prudence, som var med dei transcendentale meditasjonsklassane i Rishikesh i India på den same tida som enkeltmedlemmane av The Beatles var der med venner. Faktisk er mange av songane på Det kvite albumet skrive på turen til India. Songen «Sexy Sadie» handlar om Maharishi Mahesh Yogi som leia meditasjonsklassane. «Glass Onion» er Lennon sin song der han syng direkte til trufaste tilhengjarar som nytta mykje tid på finne skjulte meiningar i tekstane til the Beatles. Songen referer til mange andre songar og driv gjøn med desse.

Yoko Ono gjer sin første opptreden, saman med Pattie Harrison, der ho er med å kore på den skranglete songen «Birthday». Ono song òg ei enkel strofe på Lennon sin «Bungalow Bill» og hadde særs stor innverknad på utforminga av Lennon sin musique concrète kalla «Revolution 9»

Eric Clapton vart invitert av Harrison til å spele sologitar på Harrison-songen «While My Guitar Gently Weeps». Spenninga i bandet hadde alt starta å verte spent, og Harrison følte at dei andre ikkje tok songane hans alvorleg. Han inviterte derfor ein utanforståande til innspelinga slik at dei andre vart nøydd til oppføre seg profesjonelt. Clapton trong den same teneste sjølv seinare, og fekk Harrison til å delta på innspelinga av songen «Badge» for gruppa Cream. Harrison nytta då pseudonymet ‘L'Angelo Misterioso’.

Fleire av songane som vart spelt inn for dette albumet vart ikkje nytta på endelege albumet og nokre av desse skulle verte dei største hittane til The Beatles. «Hey Jude» (gjeve ut som ein singel med «Revolution» som B-side) var ein slik song. To andre songar som ikkje vart nytta skulle seinare dukke opp i piratutgåve og sirkulere i fleire tiår i undergrunnen før dei omsider vart offisielle med utgjevinga av dei tre Anthology-utgåvene: Harrison sin «Not Guilty» og Lennon sin «What’s The New Mary Jane?».

Albumet vart produsert og arrangert av George Martin og var det første albumet som vart gjeve ut på nye plateselskapet Apple Records og det einaste originale dobbeltalbumet frå The Beatles. Martin sjølv var personleg misnøgd med utforminga av dobbeltalbumet og råda The Beatles til å redusere talet på songane og heller la dei sterkaste songane råde grunnen på eit enkelt album. The Beatles overstyrte han på godt og vondt.

Mono-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Beatles (White Album) var òg det aller siste albumet som vart gjeve ut i ein eigen og unik mono-miks i Storbritannia som alternativ til stereo-utgåva. 29 av dei 30 songane på albumet fekk eigen mono-miks, anti-songen «Revolution 9» var unntaket og har aldri vorte gjeve ut på CD. Enkelte land fekk eigne mono-utgåve seinare, men dei var miksa frå stereo-utgåva, og var ikkje ein unik miks i seg sjølv.

Omslaget[endre | endre wikiteksten]

Omslaget vart laga av Richard Hamilton, ein kjend popkunstnar som hadde organisert ei retrospektiv utstilling med dadaisten Marcel DuchampTate Gallery året før. Designet til Hamilton stod i sterk kontrast til det liveige og fargeriket omslaget til Peter Blake på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band som vart gjeve ut i 1967. Hamilton nytta berre ein enkel, naken, kvit firkant med namnet på gruppa (som òg var tittelen på albumet) diskret utheva i pappen på førstesida. Kvart enkelt omslag hadde òg eit unikt trykt serienummer, som i følgje Hamilton var for «å skape den ironiske situasjonen av ei nummerert utgåve av noko som var gjeve ut i fem millionar eksemplar …». På seinare utgjevingar fann ein det praktisk å trykke albumtittelen i svart. Ermane på albumet inkluderte forutan platene òg ein plakat, songtekstane og fire portrettfotografi som var tekne av John Kelley i august 1968. Desse portretta har sidan vorte fotografiske ikon.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det kvite albumet, både musikken og konsept til albumet, har hatt stor påverknad på populærmusikken og den indre kulturen i popverda. På 1990-talet har både Prince og Metallica laga album med sine eigne namn som tittelen som er vorte trykte på heilt svarte omslag. Begge vart omtalte som «Det svarte albumet» (Black Album). I 2003 gav rapparen Jay-Z eit album som òg offisielt vart heitande The Black Album. To samlingar av Beatles-songar, gjevne ut i 1973 som The Beatles 1962-1966 og The Beatles 1967-1970 har uoffisielt vorte kalla Det raude albumet og Det blå albumet med klar referanse til fargesystemet. Begge albuma til Weezer med artisten sitt namn som tittel har vorte heitande Det blå albumet (1994) og Det grøne albumet (2001).

I 2004 gav Brian Burton (òg kjend som DJ Danger Mouse) ut albumet The Grey Album, ei uautorisert remiksalbum som seinare vart distribuert på Internett med strofer frå The Beatles (White Album) saman «a cappella»-versjonen av Jaj-Z sitt The Black Album. EMI og Apple Records var ikkje nøgde med dette.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Back in the U.S.S.R.»   2:43
2. «Dear Prudence»   3:56
3. «Glass Onion»   2:17
4. «Ob-La-Di, Ob-La-Da»   3:08
5. «Wild Honey Pie»   0:52
6. «The Continuing Story of Bungalow Bill»   3:14
7. «While My Guitar Gently Weeps» (Harrison) 4:45
8. «Happiness is a Warm Gun»   2:43
Side to
# Tittel Lengd
1. «Martha My Dear»   2:28
2. «I’m So Tired»   2:03
3. «Blackbird»   2:18
4. «Piggies» (Harrison) 2:04
5. «Rocky Raccoon»   3:32
6. «Don’t Pass Me By» (Starkey) 3:50
7. «Why Don’t We Do It in the Road?»   1:41
8. «I Will»   1:46
9. «Julia»   2:54
Side tre
# Tittel Lengd
1. «Birthday»   2:42
2. «Yer Blues»   4:01
3. «Mother Nature’s Son»   2:48
4. «Everybody’s Got Something to Hide Except Me and My Monkey»   2:24
5. «Sexy Sadie»   3:15
6. «Helter Skelter»   4:29
7. «Long, Long, Long» (Harrison) 3:04
Side fire
# Tittel Lengd
1. «Revolution 1»   4:15
2. «Honey Pie»   2:41
3. «Savoy Truffle» (Harrison) 2:54
4. «Cry Baby Cry»   3:01
5. «Revolution 9»   8:22
6. «Good Night»   3:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon: solo-, harmoni- og korvokal; solo- og rytmeigar, 4 og 6-strengs bass; piano (elektrisk og akustisk), hammondorgel, harmonium, mellotron; perkusjon; munnspel, saksofon og plystring; lydband, lydbandsløyfer og lydeffektar.[6]
  • Paul McCartney: solo-, harmoni- og korvokal, solo- og rytmegitar, 4- og 6-strengs bass, piano (elektrisk og akustisk), hammondorgel, trommer, paukar og forskjellig perkusjon (tamburin, klapping og vokalperkusjon; trommer på «Back in the U.S.S.R.» og «Dear Prudence»), blokkfløyte, flygelhorn og lydeffektar.[6]
  • George Harrison: solo-, harmoni- og korvokal;, solo- og rytmegitar, 4- og 6-strengs bass, piano (elektrisk og akustisk), hammondorgel og forskjellig perkusjon og lydeffektar.[6]
  • Ringo Starr: trommer og perkusjon; solovokal, elektrisk pian og kanebjelle (på «Don’t Pass Me By»)[6]

Gjester[endre | endre wikiteksten]

  • Eric Clapton: sologitar på «While my Guitar Gently Weeps».
  • Jack Fallon: fiolin på «Don't Pass Me By»
  • Jimmy Scott: conga på «Ob-La-Di-Ob-La-Da»
  • Mal Evans: korvokal og klapping på «Dear Prudence» og «The Continuing Story of Bungalow Bill», saksofon og lydeffektar på «Helter Skelter».
  • Jackie Lomax: korvokal og klapping på «Dear Prudence».
  • Yoko Ono: korvokal og klappnig på «The Continuing Story of Bungalow Bill» og lydband og lydeffektar på «Revolution 9», korvokal på «Birthday»
  • Linda McCartney: korvokal på «Birthday»
  • Maureen Starkey: korvokal på «The Continuing Story of Bungalow Bill».
  • Pattie Harrison: korvokal på «The Continuing Story of Bungalow Bill».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hoard, Christian (2004), s. 51. The New Rolling Stone Album Guide. Rolling Stone
  2. The 100 Greatest British Albums Ever. Q.
  3. 2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100. VH1. Vitja 8. februar 2008.
  4. The All-Time 100 Albums. Vitja 8. februar 2008.
  5. The 500 Greatest Albums of All Time. Rolling Stone. Vitja 8. februar 2008.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Lewisohn, Mark. The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road Years (1962-1970). ISBN 0-681-03189-1