The Black Rider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Black Rider
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve 2. november 1993
Innspelt 1989 og 1993
Sjanger Kabaret
Blues
Avant-garde
Folkemusikk
Lengd 56:08
Selskap Island
Produsent Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
The Early Years, Volume Two
(1993)
The Black Rider Mule Variations
(1999)


The Black Rider er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1993Island Records. Albumet inneheld studioversjonar av songar Waits skreiv for musikalen med same namn, regissert av Robert Wilson og skriven i lag med William S. Burroughs. Musikalen er basert på eit tysk folkeeventyr kalla Der Freischütz, som tidlegare hadde vorte omgjort til ein opera av Carl Maria von Weber.

Albumet er kanskje det mest kabaret- og Kurt Weill-aktige Waits har gjeve ut til no, noko ein tydleg kan høyre på tittelsporet, som Waits syng med ein kraftig tysk aksent. Ein finn derimot og musikk som er meir prega av folkemusikk. «Russian Dance» er tradisjonell russisk folkemusikk. Kaizers Orchestra nytta denne songen som intromusikk på konsertane sine i 2006, og understrekte dermed det sterke bandet dei har til Tom Waits. Eit annan folkemusikkinspirert spor er «The Briar and the Rose» som er inspirert av keltisk folkemusikk. Niamh Parsons spelte i 1997 inn songen som ein tradisjonell keltisk ballade på albumet hennar Loosen Up.

Burroughs medverkar med vokal på «'T' Ain't No Sin».

The Black Rider hadde premiere 31. mars 1990 ved Thalia Theater i Hamburg i Tyskland. Den engelskspråklege utgåva hadde premiere i 1998 ved Edmonton International Fringe Festival.

Waits heldt fram samarbeidet med Wilson og dei lagde seinare musikalane Alice (1992) og Woyzeck (2000), og musikken til desse vart gjeve ut på henholdsvis Alice og Blood Money i 2002.

Kona til Waits, Kathleen Brennan, har måla eit av måleria i plateomslaget.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd. Songar som vart spelt inn i 1989 i Music Factory i Hamburg i Tyskland er 2, 3, 6–9, 14–16, 19 og 20 og songar som vart spelt i 1993 ved Prairie Sun Recording Studios i Cotati i USA er 1, 4, 5, 10–13, 17 og 18.

  1. «Lucky Day Overture» – 2:27
  2. «The Black Rider» – 3:21
  3. «November» – 2:53
  4. «Just the Right Bullets» – 3:35
  5. «Black Box Theme» (instrumental) – 2:42
  6. «'T' Ain't No Sin» (Walter Donaldson / Edgar Leslie) – 2:25
  7. «Flash Pan Hunter/Intro» (instrumental) – 1:10
  8. «That's the Way» (musikk av Waits, tekst av William S. Burroughs) – 1:07
  9. «The Briar and the Rose» – 3:50
  10. «Russian Dance» (instrumental) – 3:12
  11. «Gospel Train/Orchestra» (instrumental) – 2:33
  12. «I'll Shoot the Moon» – 3:51
  13. «Flash Pan Hunter» (musikk av Waits, tekst av Burroughs) – 3:10
  14. «Crossroads» (musikk av Waits, tekst av Burroughs) – 2:43
  15. «Gospel Train» – 4:43
  16. «Interlude» (Greg Cohen) (instrumental) – 0:18
  17. «Oily Night» – 4:23
  18. «Lucky Day» – 3:42
  19. «The Last Rose of Summer» – 2:07
  20. «Carnival» (instrumental) – 1:15

Songar som vart spelt i musikalen, men ikkje er på albumet er «Chase the Clouds Away» og «In the Morning».

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Hans-Jörn Brandenburg, Volker Hemken, Henning Stoll, Christoph Moinian, Dieter Fischer, Jo Bauer, Frank Wulff og Stefan Schäfer var The Devil's Rhubato Band (Hamburg); Ralph Carney, Bill Douglas, Kenny Wollesen, Matt Brubeck, Joe Gore, Nick Phelps, Kevin Porter, Larry Rhodes, Francis Thumm, Don Neely, Linda Deluca var The Rhubato West Group (San Francisco).