The Bonnie Lass o' Fyvie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The Bonnie Lass o' Fyvie» er ein skotsk folkesong om eit vanskeleg kjærleiksforhold mellom ein soldat og ei jente. Som mange folkesongar er opphavet ukjend. Det finst inga endeleg utgåve av teksten og han vert ofte kalla opp etter opningslinja, There once was a troop o' Irish dragoons. Songen er òg kjend under mange andre namn, den mest vanlege av desse er «Peggy-O».

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende utgåva av denne skotske balladen heiter «The Bonnie Lass O' Fyvie» [1]. Ei anna tidleg utgåve vert kalla «Bonnie Barbara-O» [2]. Ei tidleg engelsk utgåve heiter «Handsome Polly-O», men er sett til ein annan stad. Ein annan engelsk versjon heiter «Pretty Peggy of Derby». Songen kom truleg med skotske immigrantar til Amerika.[3]. Han vart spelt inn på English Folk Songs From the Southern Appalachians av Cecil Sharp [4]. Variantar av songen referer til den britisk-amerikanske krigen og til den amerikanske borgarkrigen.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare utgåva som vart innspelt var av John Strachan i 1951. Denne sørstatsutgåva av songen vart arrangert for munnspel Bob Dylandebutalbumet hans i 1962 med tittelen «Pretty Peggy-O». Joan Baez spelte ei utgåve av songen kalla «Fennario» på Joan Baez in Concert, Part 2 i 1963.

The Corries hadde ein versjon av songen på debutalbumet deira i 1965. Simon and Garfunkel spelte songen med harmoniarrangement kalla «Peggy-O» på albumet Wednesday Morning, 3 A.M. i 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ford, Robert (edited og annotated) (1904), written at London, Vagabond Songs og Ballads of Scotland, pp. 122, Paisley, ISBN B0000CVV48
  2. Campbell, Olive Dame & Cecil J. Sharp (1917), written at New York, English Folk Songs From the Southern Appalachians, GP, ISBN 0-19-313113-7
  3. Scott, John Anthony (1983), The Ballad of America, pp. 20, Carbondale og Edwardsville: University of Illinois Press, ISBN 0-8093-1061-9
  4. Greig, Gavin (1907 - 1911), "Folk-Songs of the North-East", Buchan Observer, Scotland
  5. Cheyne, Sandy (2002), "Lucky escape for Fyvie's bonnie lass", Leopard Magazine, Scotland (no. September 2002), <http://www.leopardmag.co.uk/feats/31/lucky-escape-for-fyvies-bonnie-lass>. Retrieved on February 19, 2006