The Boxer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Boxer
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bridge over Troubled Water
Utgjeve april 1969
Innspelt 1969
Sjanger Folkrock
Lengd 5:10
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Roy Halee, Paul Simon, Art Garfunkel
Simon & Garfunkel-kronologi
«Mrs. Robinson»
(1968)
The Boxer «Bridge over Troubled Water»
(1970)

«The Boxer» er ein folkrock-song skriven av Paul Simon i 1968 og først spelt inn av Simon & Garfunkel. Han vart gjeven ut på singel som oppfølgjaren til den store hitten «Mrs. Robinson» og nådde 7. plass på den amerikanske singellista. Han vart så gjeven ut på det siste studioalbumet deira, Bridge over Troubled Water i lag med B-sida «Baby Driver». Han er særleg kjend for det enkle refrenget der songarane berre syng melodien som 'lie-la-lie' og den kjende fingerplukkinga til gitaristen Fred Carter, Jr.. Rolling Stone rangerte songen på 105. plass på lista deira over 500 største songane gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege innspelingar av songen er ein av dei mest produserte og tok over 100 timar å spele inn. Innspelinga vart gjort ved fleire høve, mellom anna i Nashville, St. Paul's Chapel i New York City og Columbia studio.

Den originale singelutgåva hadde ein instrumental melodi spelt av pedalsteelgitar og piccolotrompet i lag. Songen har òg eit bassmunnspel som ein kan høyre i andre og siste vers.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songteksten er skildra frå førsteperson. Songaren skildrar kampen mot einsemd og fattigdom i New York City. I det siste verset vert fokuset endra til tredjeperson og skildrar ein boksar som trass i at han stadig får bank held fram med boksinga.

Refrenget på songen er ordlaust og består berre av «lie-la-lie» som blir repetert.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Me First and the Gimme Gimmes, Bob Dylan, Neil Diamond, Emmylou Harris, The Samples, Across the Border og Mumford & Sons. Harris sin versjon nådde Topp 10 på den amerikanske countrylista i juni 1980. Joan Baez brukte å spele songen mykje på konsertane sine frå slutten av 1970-åra og framover. Chet Atkins har spelt ein instrumental versjon av songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]