The Broadsword and the Beast
| The Broadsword And The Beast Studioalbum av Jethro Tull |
||
| Utgjeve | 10. april 1982 (UK), 19. april 1982 (USA) | |
| Innspelt | Vinteren 1981 i Maison Rouge Studios i Fulham i London | |
| Sjanger | Progressiv rock Kunstrock Folkrock Elektronisk rock |
|
| Lengd | 38:49 | |
| Selskap | Chrysalis | |
| Produsent | Paul Samwell-Smith | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Jethro Tull-kronologi | ||
| A (1980) |
The Broadsword And The Beast | Under Wraps (1984) |
The Broadsword and The Beast er det 14. studioalbumet albumet til Jethro Tull, gjeve ut i april 1982. På albumet vert det blanda mellom elektronisk musikk og akustiske instrument og det er ei blanding mellom synthesizerstilen i 1980-åra og folkemusikken Tull hadde spelt tiåret før.
I 2005 vart albumet gjeve ut på ny med åtte bonusspor som vart spelt inn under innspelinga av albumet, men som ikkje kom med på det endelege albumet i 1982.
Plateomslaget er laga av kunstnaren Iain McCaig. Runeteikna langs kanten av omslaget er frå det angelsaksiske runesystemet. Orda er på engelsk opningsteksten på «Broadsword».
Albumet skulle opphavleg heite berre Beastie, som er første song på side ein. Men under innspelinga klarte dei ikkje bestemme seg for om dei skulle bruke Beastie eller Broadsword, den første songen på side to. I staden valte dei å gje kvar side sin eigen tittel og kombinere dei to til heile tittelen på albumet.
Turneen for Broadsword var den siste for Tull med teatralske effektar på scenen. Heile scenen vart dekorert for å likne eit vikingskip.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Ian Anderson, bortsett frå enkelte bitar av Vettese..
| Side ein - Beastie | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Beastie» | 3:58 | |||||||
| 2. | «Clasp» | 4:18 | |||||||
| 3. | «Fallen On Hard Times» | 3:13 | |||||||
| 4. | «Flying Colours» | 4:39 | |||||||
| 5. | «Slow Marching Band» | 3:40 | |||||||
| Side to - Broadsword | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Broadsword» | 5:03 | |||||||
| 7. | «Pussy Willow» | 3:55 | |||||||
| 8. | «Watching Me Watching You» | 3:41 | |||||||
| 9. | «Seal Driver» | 5:10 | |||||||
| 10. | «Cheerio» | 1:09 | |||||||
| Bonusspor på 2005-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 11. | «Jack Frost and the Hooded Crow» | 3:22 | |||||||
| 12. | «Jack A Lynn» | 4:40 | |||||||
| 13. | «Mayhem Maybe» (med vokal frå kring 1988) | 3:06 | |||||||
| 14. | «Too Many Too» | 3:28 | |||||||
| 15. | «Overhang» | 4:29 | |||||||
| 16. | «Rhythm in Gold» | 3:08 | |||||||
| 17. | «I Am Your Gun» | 3:19 | |||||||
| 18. | «Down At the End of Your Road» | 3:31 | |||||||
Fleire av bonusspor var gjevne ut på samleplater tidlegare.
Medverkande [endre]
- Ian Anderson - vokal, fløyte, Fairlight CMI, akustisk gitar
- Martin Barre - elektrisk & akustisk gitarar
- Dave Pegg - bassgitar, mandolin, vokal
- Peter Vettese - piano, synthesizer, vokal
- Gerry Conway - trommer og perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Broadsword and the Beast» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. The Broadsword and the Beast (1982 release) på Allmusic
- ↑ Eder, Bruce. The Broadsword and the Beast (2005 re-release) på Allmusic
- ↑ Puterbaugh, Parke (June 10, 1982). The Broadsword and the Beast, Rolling Stone
- ↑ Starostin, George. The Broadsword and the Beast, starling.rinet.ru