The City av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The City
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1990
Innspelt Hotel de la Ville i Roma og Mega Studios i Paris
Sjanger Elektronisk, New Age
Lengd 43:08
Selskap Atlantic
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Themes
(1988)
The City 1492: Conquest of Paradise
(1992)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

The City er eit studioalbum frå 1990 av den greske musikaren Vangelis. Det vart visstnok produsert på eit hotellrom i Roma, der Vangelis budde medan han såg filminga av Roman Polanski-filmen Bitter Moon. Ein kan sjå albumet som eit konseptalbum der ein følgjer ein by frå morgon til kveld og den musikalske stemninga representerer forskjellige delar av døgnet.

Vangelis varierer musikkstilen gjennom albumet frå jazz (2) og rock (3) til new age (5, 6).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Vangelis.

Nr.TittelLengd
1.«Dawn»4:16
2.«Morning Papers»3:55
3.«Nerve Centre»5:30
4.«Side Streets»4:12
5.«Good to See You»6:51
6.«Twilight»4:57
7.«Red Lights»3:55
8.«Procession»9:33

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Vangelis spelar alle instrumenta sjølv, som synthesizerar og trommemaskinar. Stemmene er frå forskjellige artistar, mellom anna Roman Polanski og Emmanuelle Seigner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Connolly, Dave. «Review: The City». Rovi Corporation. Henta 27 October 2010.